søndag 20. september 2009

Javell Kjell Morell eller Jan Banan Heisekran

Her kjem nok ei oppdatering som vel igrunnen skulle begynt med "Lenge sidan!", men eg gidd ikkje dra den igjen, den er jo så sjukt 2008. Så der har du grunnen til den sjeldne starten.
Eg er eit periodemenneske. Eg har periodar der eg høyrer sjukt mykje av ein spesiell musikk, eg har periodar eg ser sjukt mykje av det same på TV, og eg har periodar der eg er sjukt mykje ein plass. No er det slik: Eg høyrer KUN på Country(dette trur eg er langvareg). No får tida er det sjukt mykje Dixie Chicks eg båe høyrer og ser på. Eg har 5 CD-ar, 2 musikk-DVD-ar, ein dokumentar om dette flotte jentebandet. http://www.youtube.com/watch?v=o-lJu5ibAM8 kan sjåast der. Eg likar og Cold Case for tia, hadde ein periode med "House" doktoren med stålfoten, eller krykkje som nokon kallar det.
Eg las det forrige innleggjet mitt før eg gjekk laust på dette. Eg brukte ca fem og ein halv time på nordsjørittet. Men eg er nøgd. Eg tok formannen på jobb og det var i grunn målet mitt. Greit nok, han er nærare tre gonger så gamal så meg, men det var eit mål.
Geitene har eg og enno. Dei er festlige. Og Gunda som bur der som dei er, er skikkeleg flink til å temme dei. No er ca 2 og eit halvt av dei tre kjea mine kjempe tamme. Eg har i grunn seld Peder Siri og Gunnhild. Det var ei ung geite-spire frå Sauda eller Suldal som ringte og sa at han ville ha dei, han hadde frå før av og. Etter det vil eg berre ha Josef (som er ein gamal knakar eg har fått) og Habibi, Josefine og Ragnhild igjen. Då minkar det igjen. Men no som eg mykje mogleg skal i militæret i januar må eg selge resten også. Odd (ikkje Nordstoga) vil ikkje ta vare på dei eit heilt år. Eg kan forstå det. Han har nok av firbeinte. Eg har sendt søknad til militæret også. Sa at dei skulle ta seg saman. Eg har jo også S-TECH og ta meg av. S-TECH går gjøken for dei som skulle lure. Eg sa også at eg hadde kjøpt meg bu-pæl. Eg har kjøpt meg bu-pæl. http://ny.boligbyggelaget.no/vistestraen/vistestraen.htm 55 m2. 2 etasje. med kott og sportsbod. Sjukt dyrt. For 50000 meir kunne eg kjøpt dette: http://www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=19017261&sid=xz7gcfS4hph311672 Det er sjukt. Kva tenkte eg på? Sikkert fast arbeid og familie og venner og slikt.
Eg var i Telemark forrige helg. På sjølvaste Dyrskun. Meg og to kameratar og ei campingvogn. For ikkje å gløyme Ingfrid og Kjell (morell) med campingbussen "Kameraten" og Buss-venene deira med deira bussar. Ingfrid og gjengen reiste opp tidligare i veka og holdt av plass til oss på campingplassen. Det var flott. Fekk også låne bålet deira med grillegaffelen. Kjell sa at han hadde grilla fleire hundre kilo pølser på denne høygaffelen. Slikt står det stor respekt av. Fekk også smake Sissel Kyrkjebø. Det er ein intern bussvits. Men frå alvor og videre her, så var me på Dyrskun også. Ja, me dreiv ikkje berre på Campingplassen. På Dyrskun er det mykje kult å sjå på som gravemaskin til traktor og slikt. Men du hendelse så sjukt med drit dei selde også. Du kan type sjå for deg at du har ei bestemor som samlar på ALT og skal slutte med dette. Ho kjøper derfor ei campingvogn og hiv ALT inni og kjører opp på Dyrskun og skal selge dette. Og viss du vil kan du også kjøpe camingvogna. Det var slik det var. Det var også geiter, smie, telemarkskyr, og gammeltraktorens vener. Motorsager og hørselvern. Kebab(smakte skit, som om kjøtet var kjørt frå Mali til Noreg i ein Skoda utan air-condition) og heilt sikkert vaffel, men det såg eg ikkje. Dei hadde og lama og mykje alpakka-stæsj for å vere internasjonal. www.allpakkabromma.org trur eg (berre for info).
Tenkte meg på landbruksmesse i november. Berre så det er sagt.
Det var Ole alla 2009.
Ha det godt.

onsdag 4. februar 2009

Nordsjørittet!

Ja, du las heilt rett. Nordsjørittet. Eg trur eg er påmeldt. Dei sa så på jobb, og treninga er alt igang. Har sykla heimanifra og rundt hålandsvatnet og heim igjen ca 7 gonger no. Dette er ei rute på 11.98 km. Eller rettare sagt tolv. Då må vere lov å tunde litt opp. Første gong brukte eg 45 min. Dei to sisste gongene har eg brukt 37 min. Det tilseier ein snittfart på ca 19.45 km/t. Eg er i grunnen nødg med det, sjøl om eg må bli kjappare. Nordsjørittet er godt over 8 mil. 8.3 eller 8.7 mil. Målet er under fire timar, men eg ser no at eg trur me heller seier 4 1/2 timar. Då blir eg sikkert ikkje SÅ skuffa.

torsdag 25. desember 2008

Oppdatering? ein litan...

Det er lenge sidan eg har blogga no, og eg er fullt klar over det sjølve. Det heile handlar kun om prioritering. No som det er jul, vil eg gje dykk ei oppdatering. Eg er kankje ikkje nissen, men dykk kan sjå på det som ei gåve.
I annledning jula har eg flytta ut heime. Det er for å gjere plass til dei som er eldre enn meg. Det vare rett å slett ikkje plass i herberget. Eg skal flytte heim igjen 1 januar 2009. Ja, det stemmer. Eg skal vere her heilt til neste år. Eg bur no i ein kjellar til ein kamerat. Eg feirte jul heime i stova til mor og far, fekk mykje fint. For å nemne noko fekk eg ein kaffitraktar, kaffi, kaffifilter, skjorte, jumper, kupèvarmar, "Hvordan flørte" og "baking". Det var berre for å nemne noko. Fekk også litt pengar og for dei skal eg kjøpe ei vekkerklokke. Ei slik som lysar opp morgonen. Ein lampe med klokke, vekkerklokke, kankje til og med radio. Den kostar 500 på siba, for den som måtte lure. Eg tykkjer det er hardt å stå opp når det ikkje er lyst ute, men håpar denne vil funke. Forresten fekk eg også eit årsabonnement på Bedre gardsdrift. Meldte meg inn i Norsk sau og geit tidligare. Det var så tett som du kan komme til fiasko. I første blad eg fekk var det 3 bilder av geiter. 2 reklame greier og ei nyhende om at det også var oppdaga fotråte hjå geit. Derimot var det sikkert ca 67 bilder av sauer. Fekk også ein kalender med bilder av KUN SAU! Det er faktisk så forferdeleg at eg vurderer sterkt å sende inn eit klagebrev til foreninga. I dag meldte eg meg inn i Senterungdommen (Senterpartiets ungdomm). Eg trur det kan bli spanande. Kankje, viss eg får skkikelig anda over meg reiser eg på senterungdom tur. Rope kamprop for senterpartiet, synge senterparti sangar. Får eg det SKIKKELIG føre meg startar eg Senterungdommen Randaberg. Då kan me jo gå i tog å gjere alle desse sprø tinga. Det kan fort skje at eg har ei verkeleg spanande framtid i møte.
Eg kan og fortelje at eg var på kvitsøy å selde poteter her om dagen. Etter ein dag i Haugesund hamna eg på Kvitsøy omsider. Fekk seld ein del også. Nok om det. Eg driv og å bygg om i geitefjøset. Eg fekk meg ei geit til for ei stund sidan. (jule-)Bukken Peder. Så no er det Peder, Siri, og Gunnhild. Siri er tammast, Peder er ikkje god i hovudet i det heile tatt, og Gunnhild er liten, men veks fortare enn svint. For å dele litt geitetankar; bygg eg no om til at dei skal gå på ein slags bås i ete høy og silofor. Til no et dei rett fra ein fôrhekk som heng på veggen. Dei drar i høyet og legg det på bakken. Så vil dei ikkje ete det. Tulle-bukk og -geiter. Eg syns dette var nok oppdatering for no. Dykk får se om det kankje kjem eit innlegg før sumaren. Viss ikkje kejm det sikkert eit etter at eg har vore på Senterungdommens landsmøte eller Norsk målungdom sitt eller noko anna heilt sjukt som bilferie til Polen eller Geitegards ferie i Ål. '

Takk for meg, God Jul og eit godt nytt år.

laurdag 27. september 2008

Lenge sidan!

No er det lenge sidan eg har blogga, og det er mykje eg kunne hatt satt ord på
Eg kan lage ei liste over ting eg kunne hatt satt ord på. Lister er in.

1. Pakken eg fekk tilbake frå Freia
2. Geiteferien i Ål.
3. Hellbillieskonserten i Ål.
3. Smie-utplasseringsveka i Vest-Torpa.
4. S-TECH si store ekspandering
5. Geitene mine (Gunnhild og Siri)
6. Smia på hjul eg held på å byggje
7. Båten min som er forsvunnen(men eg har 4-hestaren ennå)
8. Salget av FZ-en
9. Kjøpet av min 50cc firhjuling
10. Det faktum at eg enno bur heime hjå mor og far
11. At det nærar seg hausten
12. At eg hatar morgonane om hausten og vinteren
13. Det at eg trudde eg skulle få ei mykje lengre liste enn dette

Takk for meg

tysdag 24. juni 2008

Kjære Freia!

Eg er ein glad gut som er kjempeglad i sjokolade.
Her om dagen kjøpte eg meg ein KVIKK LUNSJ. Ein dobbel faktisk, i ein av ABRA sine automatiske myntautomatar. Då eg skulle nyte den andre, oppdaga eg noko merkeleg. Den hadde berre 3 remser. Eg blei både trist og lei.
Eg sender derfor denne inn til dykk i rein agresjon. Eg vurderer faktisk å boikotte FREIA. Men dette er ein steg eg nødig vil ta.

Med Venleg Helsing
Ole Sande
Adresse
Adresse



(heile brevet var med handskrift)

måndag 14. april 2008

Smia

Eg har enda ikkje høyrt noko frå smia. Dette ser eg på som negativt. Eg kunne ha purra i dei, men eg vil ikkje mase. Trur eg skal finne meg ei ny smie, har lese noko om ei "Frank`s smie". Det må vere bra. Elles har eg funne ut at ein nabo har ei smie ståande. Ho var forferdelig rusta, og han brukar henne som grill. Snakk om å drite i den norske kulturarva! Eg har sett dei skal selge deler av ei smie på finn.no. 9000 er mykje pengar, og då er ikkje smia komplett heller. For å seie det sånn så må dykk berre seie ifrå viss dykk kjem over ei komplett smie, som vedkomande vil gje vekk til ein ung gut med store ambisjonar! Elles går S-TECH som det susar. Berre så det er sagt. Det er vel i grunnen kankje derfor eg ikkje skriv så mykje på bloggen lengre. Før skreiv eg alt slags tull om S-TECH, og nå har det pluteleg blitt litt seriøst. Det er bra på ein stor måte, og på ein mindre måte ikkje så bra for eg kan jo ikkje leggje ut om mine store forettnings-idèar her på nettet. Og det er ikkje få.
Sånn på leseorm sida har eg gitt meg ut på ei ny Are Kalvø bok, "Syden". Men eg må innrøyme at eg synast både "Våre vener kineserane og "Nød" var betre. Ja, det er to bøker eg verkelig vil råde dykk til å investere i.

Eg kan på vegen ut fortelje kva tankane mine går ut på for tida. S-TECH, S-TECH, S-TECH, Geiter, S-TECH, S-TECH, geiter, damer, S-TECH, S-TECH, geiter, S-TECH.

Inga bra tanke å tenkje på at det er det eg tenkjer på.

God natt

torsdag 27. mars 2008

S-TECH!

Det kom eit brev til meg her ein dag. Det var frå Brønnøysundregistra. Så no er S-TECH registrert. Det vil seie Sande Technology er registrert. No lurar eg bare på kva eg tenkte då dette namnet blei registrert. Kva med Sande Smia, eller Sande det-du-vil-ha-når-du-minst ventar-det, eller Sande Alt-mogleg. Kvar kjem Technologien inn i bildet her? Men på ei annan side ser eg ikkje problemet heller. Tenk om eg plutseleg ein dag skulle komme med ei teknologisk nyvinning, då har eg iallefall namnet klart. Eg var å kjypte rekningsblokk her om dagen også. Tok vare på kviteringa, som du må gjere då du driv eiga bedrift. Satte ho inn i permen, med skilleark, vel å merke. Følar at eg no har starta eit nytt å betre liv. Alt går inn i permen. Har faktisk opna eigen S-TECH konto og.
Elles, inga nytt frå smia. men håpar og trur det kjem snart. Har funne meg alternative smier, just in case(for å vere litt internasjonale).
Dette veret kan eg likevel ikkje forstå meg på. Har vel aldri snødd så mykje på Randaberg, så eg kan hugse. Jaja, eg kan vel hugse viss eg prøvar, men det gjer eg ikkje. Er i grunnen glad eg ikkje har skifta til vinterdekk allereie, noko som er vanleg på denne tida av året trudde eg.

tysdag 25. mars 2008

Morosamt!

Det forrige innlegget var ikkje frå meg.


Kjære deg som hadde det morosamt på mi bekostning! Dette var ikkje morosamt i det heile! Eg følar meg krenka. Men det du skreiv var bra etter mi meining. Dette seier eg ikkje for skryte, berre så det er sagt. Men det eg vil meddele dykk er at eg no har kome i kontakt med ei smie på aust-landet, nærare bestemt Toten, nærare bestemt Dokka. Her er kva eg skreiv:


Hei! Eg er ein 20 år gamal gut frå Randaberg utanfor Stavanger kommune. Eg er fødd og oppvekse på gard. I den seinare tida har eg toke fagbrev i platearbeidarfaget. Men eg er interesert i å lære meir om den gamaldagse smia! Lurte derfor på om det var mogleheiter for å få ei "utplasseringsveke" hjå dykk i seinsumaren. Sett pris på raskt svar.
Helsing Ole Sande, Randaberg

Svaret eg til no har fått er at eg må vente litt. Dette er tydelegvis ei familiebedrift, og mannen var ikkje heime då e-posten inntraff Toten. Eg skulle få svar om eit par dagar. Eg gler meg. Viss dette går i boks, og sagbruksferien i Telemark går i boks, gler eg meg stort til sumaren!
Takk for meg

søndag 23. mars 2008

Ja, eg veit.

Ja eg veit at det blir for dumt! Men eg klarar ikkje halde fingrane utanfor bloggen! Eg har ein ting eg må meddela dykk! Og dette er noko storvegs, så hald dykk fast! Eg har no skrapt saman det eg eig av penger, og er no klar for å flytta ut. Og eg skal ikkje kvar som helst, eg skal til Ål i Hallingdal, nærmare bestemt Votndalen. Eg har no tenkt å oppfylla min draum om jobb på sagbruk, og då sjangsen baud seg kunne ikkje gjere anna enn å seie ja! Eg kan fortelje dykk at det var eit rungande ja og! Men no er eg litt på farten, eg skal i fjosen med ein kamerat, så dykk får høyre meir om saken seinare. Eg måtte berre meddele desse gledelege nyheitene!

tysdag 11. mars 2008

JAJA!!

Eg må berre beklage dette! Eg kjenner det på kroppen at det å blogge er ikkje det same lenger! Kan ikkje seie eg kjenner den same trengselen lenger. Trur nok det har noko med dette nederlaget ifrå Høgskulen i Volda. Trur nesten eg må gå til boikott. Jaja, ikkje så mykje å boikotte i og med at dei allereie sit med det lengste strået som har sagt nei til meg, det er vel helst dei som boikott meg. Over til gode nyheiter så er registreringa av S-TECH nådd nye høgdar. I dag var eg hjå Reknaskapsførar. Fekk der greie på at eg ikkje trengte han. Så då var den saken biff. Har no printa ut søknad og lagt den inn i konvolutt, med dataskriven adresse. Berre for å få det til å sjå proffesjonelt ut. Vil seie eg har nådd nye høgdar med S-TECH i det sisste. Var på Sea-Well forrige veke, så S-TECH har rett å slett gått inn i oljebransjen (Dette er berre skryt for eigentlig sveiste eg nokon conteinera). Sånn elles har eg gått ett langt steg med Camryen. Den kjem nok snart til ei spiker-yskje nær deg for å seie det på den måten. Han fekk litt hard medfart før han reiste også, ikkje for det eg kjøyrde han i hjel, snarare tvert imot. Bror min, som fortsatt ikkje heiter Nordstoga til etternamn, måtte flytte han når farmor skulle ha forening. To knuste ruter, øydelagt takluke og glasskår i heile bilen. Korleis er det mogleg med berre litt flytting. Uff og uff. Så eg slepte han ut til Knoksen dagen eter på. Bø-mek fiksa transport. Eg har lese ut boka om Lottomillionærane i Afrika, noko som var særs givande og vil råde dykk alle til å lese denne boka. ”NØD” av Are Kalvø. Har også lese ”Hevnerens Håndbok”. Vil ikkje råde nokon av dykk til å lese denne i og med at tiitelen seier nok sitt og ikkje minst at den er på dansk(bokmål). Skal ikkje prøve å skryte på meg at eg er nokon nynorsk-meister, men eg prøver no litt i alle fall. Den boka eg har begynt på no er ”Dagfinn Enerly – Så fort han livet snu”. Fotball bok på dansk. Ikkje det beste for meg kankje, men eg trur det kan bli bra.
Eg går også nye veger med den Mali-inspirerte te-kokaren. Var på IKEA her om dagen
å kjøpte kaffi-kjele. Så dette har eg no prøvd, ser med glede fram til påske då eg skal koke egg i kjelen med løk-skal eller lyng. Og deretter koke kaffi. Må nok få meg ei sil også. Det er ikkje så voldsomt luksus med heile kjefteriet fullt av kaffi-krut når du er ferdig med to koppar kaffi. Får håpe på godt ver i påska. Følar eg har venta ei stund på godt ver. Begynn å bli lei av å koke te å kaffi inne i vinterhagar og låvar.
Det var det eg hadde å seie. Kan godt vere at bloggen no blir nedlagt for godt, eig ikkje den same gløden lenger til skrivinga, som sagt. Men, kven veit kankje ein dag står det ”S-TECH – vegen til suksess” i ei bokhyle i ein butikk nær deg. Og då veit du kva du skal gjere.
Eg vil med dette takke for meg og takke for alle kommentarer og timar dykk har brukt på bloggen min. Takk for meg.

laurdag 23. februar 2008

Eg legg meg flat!

Ja, dykk såg heilt rett! Eg må berre legge meg ned å beklage dette. Det har blitt så altfor lenge sia nå. Men eg vil seie eg har ei god forklaring på det heile! S-TECH har ikkje vore på latsia i det sisste! Sperra (sperr er sånne som helt taket på til dømes løer oppe) som eg og nokon innleide lagte då eg kom heim frå Mali er nå oppe og montert. Litt sveising gjenstår, Men med dette drittvêret som har vore i det sisste er det ikkje berre berre å sveise. Fekk prøvd meg litt på undervass-sveising. Og om eg skal seie det sjølve var dette inga suksess. Men det blei ein sveis. Eg trur det kjem bilder litt seinare av dette flottet kunstverket, men ikkje i dag! Som eg har fortalt har eg kjypt ny bil, oog eg må seie eg er veldig fornøgd! Eg har enno ikkje opplevd at eg ikkje får plass til noko ting! Ein annan grunn til at eg ikkje har blogga er at eg har begynt å lese ei bok, ja, du las heilt rett, eg, Ole Sande, les ei bok, heilt frivillig. Dette må vere fyrste gongen sidan, nei dette er fyrtste gongen eg les ei bok heilt frivillig. Eller forresten las eg ei, "Kurt Qui Vadis" av Erlend Loe, om trucksjåføraren Kurt, men den var veldig tynn. Denne eg les no heiter "Nød" av Are Kalvø. Eg må seie dette er ei til no ganske spanande bok til no. Og eg er halvvegs på ei bok på over 300 sider. Ja 300, det var det du las. Vor meg som nettopp har vore i Mali, som ligg i Afrika skildrar Are korleis det var i Etiopia. På ein morosam, men alvolig måte. Og eg må seie eg kjenner meg igjen. Eg må seie eg lengtar tilbake i desse tider med undervass-sveising. Men eg skal nok overleve dette også. Elles er det inga framgang i Trøndelags-prosjektet. Skulle eigentleg opp forrige helg, men det blei ikkje, også var planen denne helga, mne det blei ikkje, Og neste helg skal eg ha fjoshelg. Så det blir ikkje den helga heller, men du som eg gler meg til fjoshelg! I går var eg vitne til kalveføing. Ikkje at dette var fyrste gong, snarare tvert imot, men det er like kjekt kvar gong! Du ser holet opnar seg, to bein kjem ut etter litt. Du ventar ei stund til, og litt til så kjem hovudet. Så er det berre å dra heile greia ut, og der ligg han. Full av slim og kliss. Så er det ikkje lengje før det reisar seg, og nærast går sin veg. Ei fantastisk oppleving!
Og det eg skreiv om kven denne Jan Inge Sørbø var, eg tok feil, men eg trur eg no har funne ut av kven du er.

torsdag 7. februar 2008

Kultur-dass! Volda-dass! Camry-ikkje-dass!

Snakk om ei veke som nett no gjekk i dass, så må det vere denne! Ikkje fekk eg fri frå jobb til å gå på Odd(nei, fortsatt ikkje bror min) Nordstoga konsert. Og det ser forferdelig mørkt ut med teateret og. Trur ikkje fromannen min på jobb likar Odd(Nordstoga). Det virka i alle fall ikkje slik. Jaja, snakkar ikkje meir om det.
Sånn elles fekk eg ein merkverdig kommentar på det eine blogg innlegget min tidlegare i veka. Det var ein person som utga seg for å vere ein lerar ved Volda Høgskule. Kommentaren står på innlegget "Nynorsk og så vidare". Ganske interresant innlegg om eg skal seie det sjølve. Eg kan bekrefte at dette er ein tulleperson, for det var mange eit par skrivefeil og etternamnet stemde ikkje heilt. MEN, du satt alikevel i gang noko stort. Eg har no brukt resten av veka på å surfe rundt på Volda sine heimesider ( http://www.hivolda.no/ ) og funne ganske så mykje interesant! Eg fann blant anna mykje nynorsk sider (berre gå inn på lenkjer). Og eg fann studiekatalogen! Eg fann då ut at eg kankje skulle tatt eit halvt år på lese og skrivekurs for nynorsk. Følar det har ramla av ein del sidan 10. klasse. Eg kan sånn i vegen fortelje at eg skreiv også nynorsk på vidaregåande, sjølv om det ikkje var så mykje. Men i VK1 skulle me ha 2 skriftlege innleveringar og to muntlege. Eg leverte kun inn den eine skriftlege. Alikevel fekk eg 4 i skriftlig og 5 i muntleg. Berre grunna at norsk leraren likte at eg skreiv nynorsk. Snakk om å ha låge krav til elevane. Men over til lese og skrivekurset. Eg tenkte eg skulle sende ein e-post for å spørje om det var mogleg for meg i og med min låge utdanning. Slik blei det:
Hei.
Eg er ein gut på 20 år som lurte på ein ting.
Eg har hatt nynorsk som skriftspråk på grunnskulen.
I dag har eg eit fagbrev, men lurte på om eg kunne vere deltakar på kurset om skrive og leseopplæring utan nokon allmenopplæring i den vidaregåaende skulen. Trengs det studiepoeng for å kome inn? Opplæringa eg blir gitt vil kun vere for eiga interesse.

Håpar på svar!

Med venleg helsing Ole Sande, Randaberg


og svaret som kom var slik:


Hei,

det er dessverre slik at ein må både ha generell studiekompetanse og norsk som inngår i allmennlærarutdanning/forskulelærarutdanning for å bli tatt opp. Studiet er meint som etterutdanning for lærarar.

mvh Pål Hamre


GREIT! Viss det er sånn høgskulen i Volda vil ha det så er det GREIT! Eg kan og informere om at HIV også er ein del av Ivar Aasen instituttet, og er det nokon som måtte kjempe for å få fleire til å skrive nynorsk, måtte det vere dei. GREIT, deiras tap! Måtte det gå under med heile HIV for min del! (Det var ein setning som kunne meina to ting, og eg meinte begge to).

Ein ting til eg kan fortelje er at det minkar stadeg på camryen. I dag skulle ein kamerat kjøyre(BS) og han meinte at han hadde go greie på å bakke utan å sjå bak. Dette endte så klart med, ikkje ei, men to knuste baklykter. Jaja, det var berre litt i kantane, men alikevel! Og ettersom at eg har tatt den eine sida framme, kan du sjølv tenkje deg til kor mange hjørner det er igjen! Og Camryen er frå no av kalla gele-kake-bilen. Det er grunna at når du kjøyrer er det som å kjøyre på ei gele-kake. Med bananer i. Det vil seie at viss du kjøyrer på små, spisse veghumpar kjenns det som banana i gele-kaka. Skulle gjerne forklart dette betre, men manglar tid. Eg har og byrja å skrive dikt om Camryen, eller gele-kake-bilen, men det er ikkje heilt ferdig enno. Tenkte og eg skulle få ein kamerat til å settje melodi på. Då kan eg filme songen, og leggje den ut her, i og med at eg ikkje har prøvd video-funksjonen på bloggen enno.

Eit par sisste beskjedar:
1. Eg har enno ikkje fått nokon tips til S-TECH logo.
2.Viss nokon finn turnè lista til Hellbillies eller Odd(nei, trur neppe bror min skal på turnè)Norstoga, er dei plikta til å seie ifrå til meg!
3. Du som skreiv at du var lærar i Volda, eg veit kven du er!
4. Det er veldig seint no så eg lurar på å leggje meg.
5. Ja, eg trur eg gjer det.
6. Viss nokon har to baklykter til Camry 87 liggjande, kan eg godt ta imot dei.
7. Eg er glad det er helg no.
8. Takk for meg

laurdag 2. februar 2008

Spellemenn!+++

I dag vil eg seie det er ein merkedag. I dag vann Hellbillies prisen for årets spellemann 2007. Eg må seie eg er litt begeistra. Det var vel fortent! Ikkje berre er g gla for at dei vann prisen, det er og kome snø til Randaberg! Og det sjukaste av alt er at det faktisk meir enn 2,5 cm! Det er jo heilt sjukt! MESTEN som eg må dra fram akebrettet. Ser ikkje for meg at det blir meir enn dette. Eg hugsar gamledagar, det var andre vintrar då. Det vil seie eg har blitt fortalt om gamle dagar, det var andre vintrar då. Mykje meir snø. Eg må inderleg seie det at eg kan hugse det var meir snø i barndommen min og enn det er no. Kan hugsa me rann akebrett i Randabergfjellet, min tidlegare næraste nabo. Har sagt til min kjære bror og kona hans at dei må seie ifrå når vinteren slår til i Horten, for då skal eg kome å besøke dei. Har høyrt heller lite til no. Har høyrt det er betre vintrar i Trøndelag, så eg trur eg skal flytte opp dit. Har funne eit nedlagt gardsbruk der, med hus og løe og fem måls tomt. I løa er det klargjort til 10 hestar, men skal så klart byggje om 5 av disse til geiter. Bruket ligg, berre så det er sagt, i Bjugn. Du har kankje høyrt om Bjugn. Bjugn er 15 gonger større enn Randaberg, men har berre halvparten av innbyggjerane. Det er jo heilt sjukt. Veret er finare og vil eg seie. Leita det opp på http://www.yr.no/ (som forresten har sidene også på nynorsk viss du trykkjer oppe i høgre hjørne) og der viste det at det var finare ver enn både Randaberg og Horten. Kan også ta med at prisen på bruket var 1,5 millionar, og vil eg tippe at det hadde sikkert kosta 4 millionar i Randaberg. Det vil seie at eg har 2,5 millionar på å reise heim ein tur av og til på. Og sånn elles kan eg meddele dykk at eg koka te her om dagen. Det vekka minnar.

Ja du ser heilt rett. Ein grill med ei blå tekanne, Ein blond fyr som sit å held på to glas, av typen "shot"-glas, som inneheld te frå Mali. I den blå YSKJA på sia er det te. Rett frå Mali. Grillen er laga i Noreg, men er eit forsøk på å kopiere Malisk te-kokar. Eg har og lyst å meddela dykk oppskrifta til Te-en.

1 glas med te

4 glas vatn

1/2 glas sukker.

1. Ta vann og te i kanna

2. Kok opp

3. Hell sukker i kanna

4. Du trur kankje at sukkeret skal blandast med ein rørepinne, men der tar du feil. Det hadde jo vore alt for enkelt. Te-en skal hellast oppi glaså, for så å hellast i tekanna. Viktig å ha stor avstand frå glasa til kanna når du heller det oppi kanna. Denne prossesen gjentas fleire gonger. tre i talet

5. Te-en kan no delast ut til eventuelle smakera. Og det er viktig å ikkje vere nøysam på hygiene. Det lagar jo berre meir arbeid, og du får ikkje den same opplevelsen.

6. Te-bladene kan/bør/må brukast 3 gonger før du må kaste dei. Den andre koka smakar best. Husk nytt sukker dei andre gongene, og sukkerinnhaldet skal heile vegen aukast.

Eg kan og informere om at sidan regnet og vinden står på som berre det, blei te-en denne dagen kokt inne. I grillen. I ein vinterhage på Viste.

Takk for meg.

torsdag 31. januar 2008

Ein merkedag!

I dag er det sanneleg ein merkedag! Eg er no medlem i norsk målungdom. Velkomstgåve fekk eg og. BEGEISTRANDE! Ein tjukk konvolutt låg heime å venta på meg då eg kom heim. Ein del papirer med lovar for skipnaden, ei avis, ei verveblokk(dei som vil vere medlem kan snakke med meg). Eg fekk til og meg fire stykk "buttons" eller pins som nokon også vil kalle dette. På den eine stod det "Takk, Ivar Aasen" ein annan "nynorsk-feminist".
Elles kan eg informere om at det der tulleg eg skreiv om kommentarplikt litt lenger nede på sia, kan dykk berre ta rennefart å drite i! Eit soleklårt tapsprosjekt! Eg har jo ingen aning eg kven som les i skjul og ikkje les i skjul. MEN, det skal vere sagt at eg strålar av begeistring kvar gong det kjem ein kommentar. Enten han er positiv eller positiv.
Kan og informere om at Incaen, eller Inga, går ikkje heilt som forventa. Litt hosting når eg berre kjøyrer med jamn fart, forstår ikkje heilt dette, ikkje har eg prøvd å forstå det heller.
Elles, eg treng no hjelp av særs kreative lesarar. Eg har som, som dykk fleste veit, kjypt meg firmabil i S-TECH. Og som dei fleste firmabilar vil eg ha logoen på. Problemet er berre det at eg ikkje har nokon logo å ha på. Problem 1. Løysning 1: nei, den har ikkje eg, så viss du skulle ha forslag må du gjerne kome med dei. Problem 2 er at eg ikkje kan kjøyre rundt å reklamere for eit firma som ikkje finst. Dermed; eg må registrere. Etter å ha brukt eit par timar på Brønnøysund registeret sine heimesider på internett www.brreg.no finn eg fortsatt ikkje sjølve registreringsskjemaet. Løysning 2: Senn meg gjerne ei lenkje (ein link) viss du finn! Det var vel berre det eg hadde å seie for i dag. Men som tilleggsinformasjon, kan eg seie at fantastiske Odd(nei, fortsatt ikkje Odd Nordstoga) Sande, skulle faktisk ta imot Camryen. Eg blei litt glad. Men no er det ei vennine som brukar han. Ho får det faktisk til og. Ho har no lånt han frå syndags-kveld. Ho har og eigen blogg der ho har sagt sitt om Camryen. Berre så dykk er advart skriv ho dialekt. Dykk er herved advart. Og ho sett MYKJE punktum. Dykk er herved advart!

"Anførselsteikn"
"Camryen. Det e et eventyr å kjøra an. Ein vett aldri ka så skjer. Litt prøvelsar innimellom. Men så ordne det seg te slutt. Camryen e på ein måde helten min. An bler i bedre humør viss du gjer an komplimanger. Litt sånn så Ole.

It's gonna be a long walk home
Tenkte eg. Når eg stod på shellen. Og bilen ikkje starta. Tenkte eg. Når bilen x antall ganger daua. Før eg kom udpå veien. Fra shellen. Tenkte eg når an daua. Igjen. I ein rondkjøring. Eg må lera feilå sjøl. Kan kje hørra på mor heile veien. E vell litt sånn eg. Eg kjørte te jobb med bilen te Ole. Eg va lettare nervevrak. Når eg ankom jobb. Hadde hatt puls på 150. Sikkert. I ein halle time. All mulig senking av fart gjorde meg nervøse. For at an sko daua når eg måtte akselera igjen. Men eg kom fram. Og på vei hjem gjekk det jo gullfint. Eg tror bilen e litt morgengretten. Kjenne flerne så e det.

Eg gjer meg øve enne!
Den der bilen ass! An øverasske stadigt vekk. Som det 6-mennesket mor e, så tog hu volvoen te spinningen. Og eg bega meg ud på ennå ei ferd med Ole's Camry. Eg satte meg inni an, med plaskane reggen rondt meg og alt, og forventa det versta. Har blitt fortalt at an e god så lenge det ikkje e reggen i loftå. I dag va det mer enn bare litt reggen. Men kem sko trodd? An gjekk jo så ei kula i dag! Ikkje et tegn te dauing. Og starta så flott og fint heile veien. Til og med vindusviskarane føltes bedre ud. Nei, eg vett kje ka eg ska sei. "
"Anførselsteik slutt"

Kankje eg berre skal behalde Camryen og starte S-TECH bilutleige. Ja, det har utan tvil vore ein sikker vinnar.

Takk for i dag

fredag 25. januar 2008

Tida er omme!

Tida går, og det gjer bilen min også som dykk forstår(enn så lenge). Eg har no bestemt meg. Camryen si tid er omme. Det er på tide med utbyting, sjølve om eg har hatt teip på takluka. Eg har no gått så langt og kjøpt meg pizzabil, og her har du grunnen til det
Ja du ser heilt rett. Eg har stappa 8 stykk IPE 270 på lengde 1,25 meter i baksete. Eg tok dette som eit teikn på at no måtte det ein utskiftning til. Ganske tragisk med denne Camryen i grunnen også. Det er eit heilt år til neste EU-kontroll, så eg følar at han ikkje er boss enda, men eg har prøvd å gje han vekk til forskjellige folk, bare for å vere grei, men det er ingen som vil ha han. Ikkje eingong min eigen bror, Fantastiske Odd(nei ikkje Odd Nordstoga)Sande. Og alterativet hans er å ikkje ha bil. Han har kankje eit poeng og. I dag når eg skulle starte han prøvde eg ei lita stund, og når eg slapp nyggelen begynte bilen ig svive baklengs ca ein halv omdreinig, som gjor at det seig opp røyk av panseret. Ikkje det beste som kan skje når ein akkuratt har stått opp og er (som vanleg rett etter du har stått opp)trøyt. Men eg har ein kamerat som skal ha bilen denne helga, så får me se kva som skjer etterpå.
Men det eg eigentlig skulle seie var at eg har no invistert i ny (ny og ny, fru blom) bil. Valet kom på ein Seat Inca 1,9 Diesel 96-modell. Var nede i Flekkefjord å henta denne på tysdag. Bilen er akkuratt EU-godkjent, så dette synast eg var eit knakande godt kjøp. Tenkte eg skulle setje S-TECH klister over SEAT klisteret. (Apropos S-TECH skal eg no registrere det, bare så det er sagt.)

I dag har eg skifta glødepluggar (TAKK til SA og M for den NYDELIGE arbeidslampen eg fekk til jul) og satt i CD-spelar, og flytta ting frå Camryen og over i Incaen. Eg meget godt nøgd med plassen i bilen, der kan eg stable masse IPE 270. Og masse anna drit eg aldri kjem til å få bruk for

Inca, inca, du er toppen

Eg elskar deg med heile kroppen

Beklagar det stjålne diktet som lurte seg inn der, berre tenkte høgt. Eles lurar du nok på om bilen er sprek sidan han sikkert ikkje veg mykje og har ein 1,9 motor i seg. Det kan eg seie med ein gong at det er han ikkje. Bare så det er sagt.

Eg har og gjort andre ting denne veka, som å lese Are Kalvø si bok "Våre vener kineserane". Greit, eg skal innrøyme at eg ikkje las ho. Eg høyrde ho. Lydbok, er så mykje kjekkare. Då kan du faktisk gjere andre ting når du held på. Eg må seie eg er mektig imponert over Are. Mannen har vore i kvar kommune i dette landet som har kina-eteplass(også Randaberg) og ete på minst ein kina-eteplass i kvar kommune. Dette gjor han på ein to-månaders tur. Eg må seie eg beundrar han. Eg hadde kinamat på mandag og tysdag, og var då DRITLEI heile greia, men han hadde opp i 6 måltider med kinamat til dagen. Bare så det er sagt, må du prøve Kylling Gong Bao utan grønsaker på Tasta Take Away. Men kylling i ananas utan grønsaker treng du ikkje prøve (ikkje fekk eg ananas heller). For den som måtte lure, kjypte eg boka på Rimi for den rette pris av 299,-. Då eg kom på jobb var det ein så spurde meg kvifor eg ikkje berre lasta ned boka. Eg blei sur. Kan jo ikkje gjere sånn. Då hadde me jo ikkje hatt lydbøker lenger.

laurdag 19. januar 2008

Fantastiske Odd!

Eg syns desse er verdt å sjå! Særleg den andre! Men sjekk ho dama på tuba i den fyrsste, ho kan arbeide!

http://www.youtube.com/watch?v=1NFQ7VDrOjg&feature=related
http://www.youtube.com/watch?v=OL1DUsqvvMY&feature=related

Nynorsk og så vidare!

Eg har i det sisste vorte utsett for lettare erting PGA mi språkbruk på min arbeidsplass. Eg nemde tidligare i veka ordet yskje, som er eit heilt normalt ord, og har fått høyre dette i ettertida. Men alt blei så mykje betre då eg var innom Noregs Mållag på internett. Eg fann då ut at det går faktisk å verte medlem her, ein kjangs som eg ikkje kunne gå hus forbi. 30 kr det fyrrste året. BILLEG MORO! Eg fann då seinare ut at det er fleire store artistnamn i Noreg som også brukjar dette språket. Deriblant Odd Nordstoga, Kari Traa, Tore Andrè Flo og sisst, men slett ikkje minst Are Kalvø, som eg i dag kjypte lydbok av. Eg fann eit avsnitt som Are Kalvø skjølve hadde sagt:



"Are Kalvø skriv dette om saka:

«Eg kjenner ein som bytte frå nynorsk til bokmål då han begynte på vidaregåande. I dag er han einsam, ugift, arbeidslaus, alkoholisert og ute av stand til å gjere greie for seg. Luktar gjer han også. Alle eg kjenner som heldt på nynorsken då dei begynte på vidaregåande, har i dag interessante og godt betalte jobbar, menge gode vennar og ekstremt stimulerande kjærleiksliv. Dessutan ser dei veldig bra ut, alle som ein. Fine tenner har dei også. Eg berre nemner det.»"

Eg har også funne fleire bilete som eg tykkjer er særs vert å vise


Til slutt vil eg vise diktet av den Noregskjende diktaren Arne Garborg, som far var med å "igjenreise" på Øksnevad i annledning Stavanger2008.



Stavanger2008. Der er det og noko. Eg gledar meg noko voldsomt til eg skal på konsert med Odd Nordstoga, men eg fekk fyrsst høyre i dag at Odd og ein heil gjeng andre hadde vorte på Folken i Stavanger i går, skuffande at eg ikkje hadde fått med meg dette, men sånn er livet. Ellers, den same veka som eg skal på konsert, skal eg og på teater. Eg skal se "maktå på straen". I og med at dette er på ei veke, i kulturåret, blir dette ei kulturveke.

Bilmessig ser eg no at det minkar meir og meir på bilen min. Dette er trist. Veldig trist. No virkar ikkje låsen på førardøra lenger. Den er i det minste VELDIG sliten. Eg har og funne meir lydar, triste greier. Den har trass alt eit heilt år igjen til EU-godkjenning.

Kroppen min og synk i verdi. I dag var eg heime åleine, og tenkte eg skulle ha meg ein grandiosa. Før i tida var dette eit greit måltid. Men ikkje no lenger. Eg makta berre ikkje å ete opp heile. Eg var mett etter 3/4 og rapte og fekk plass til 7/8. Men då vart det brått stopp. Då lurar eg; kroppen vert større, men eg klarer ikkje ete like mykje. Kvar har logikken i dette toke vegen?

VIKTIG MELDING!!!

Eg har no lagt ut bilder frå Mali i andletsboka. Desse kan sjåast ved å trykkje på denne http://www.facebook.com/album.php?aid=36854&l=ba904&id=532776209 og http://www.facebook.com/album.php?aid=36849&l=67e25&id=532776209 . Leers har eg ein ting som må seiast; eg er no lei av å ikkje ha kontroll på kven som les bloggen min. Det er trass alt ei slags dagbok. Så, no er det på dette innlegget, kommentarplikt eller gje-beskjed-plikt. DVS at du MÅ trykkje på kommentarer skrive namn og rulle lenger ned trykkje på anonym (viss du ikkje har ein brukar og publisere! Viss du vil vere ein anonym lesar er dette greit, så lenge eg får vite dette. Da kan du sende meg ein SMS! Nummeret får du finne sjølve, dersom du ikkje har det! TAKK FOR MEG! PS! Viss ikkje dette blir gjort vil bloggen bli sperra kun for enkelte!

tysdag 15. januar 2008

Seigaste bilen på denne jord...

Den der bilen min. Toyota Camry 1987 med automatgirkasse. Det må var det besta kjøpet eg nokon gong har gjort. Den bilen der vil berre ikkje døy!
Han er krasja høyre framskjerm,
han likar ikkje regn,
han treng kjærleik for å gå, det nyttar ikkje med bensin og luft.
Takluka lekk, så passasjersete er somregel bløyt
Bagasjeluka lekk
Spylarvesketanken er det hol i
Låsen i førardøra er stri
Tenningslåsen må du lirke
Han lekk vatn
Eg skulle hatt skifta vindusviskar for ca 3 månader sia
Eg har ikkje vaska han sidan ca oktober
Eg har gått tom for reservedekk (piggdekk)
Det eine parklyset er knust
Han kan stoppe viss det regnar eller du ikkje visar kjærleik
Det tar tid å få vekk dogg på vindauge.
Han er kvit.

Jaja, han sviv så å seie kvar dag.
Det kan du ikkje seie om Asbjørn sin kvite Toyota Camry 87-modell med automatgir, så eg er vel heldig.









Du har vel ikkje ein pizzabil til salgs?

2008 Kulturåret!

Jadå! No er kulturåret i gang! Mykje skal skje dette året. Dette er faktisk året det heile skjer. Opninga var på lordag, men eg fekk dessverre ikkje tid til å delta i opninga på grunn av S-TECH arbeid. Joda, S-TECH har ikkje døyd. I annledning kulturåret har også far min vorte å sjå på fjernsynsapparatet. Klippet kan sjåast på http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/323935 og spol fram til nøyakteg 51 minutt og 30 sekundar. Dette blir sendt over heile verda gjennom BBC! Eg følar meg æva som son (litt klatt i språket mitt der). Vis du spolar fram til ca 45 minutt får du sjå eit fasinerande stykke musikk! Personleg vil eg ikkje starte kulturåret før i februar, den femte. Då kjem fantastiske Odd Nordstoga til Bryne. Ikkje det at Bryne har noko med kulturåret å gjere, men det er kultur! Trur det skal bli ein del kultur dette året, eg som er så kulturellt, kunstnerisk og musikalsk annlagd! Men no er det seint å eg skal finne senga, for eg forsov meg til arbeid i dag! GO NATT!

laurdag 12. januar 2008

!

FANTASTISK! Takk Roger, for denne har dukka opp via deg!
http://thekickback.com/rickroll/batman.php?titlename=/my_pics_02/

GEIT!

Eg har gløymt å fortelje ein viktig ting! I det siiste har eg blitt betatt av geiter. Ja, desse små staselege dyra, som klatrar på trestammar mens dei gjer frå seg sin flotte lyd. Har faktisk vurdert å starte ein geite gard. Det hadde vore staseleg! Men mor har sagt at eg ikkje kan ha dyr heime. Dyr har me på Sande seier ho. Uansett blei eg ikkje mindre begeistra då eg var i Mali å såg geiter overalt! Og ikkje minst åt ei geit og tog me skinnet heim! Men det toppa seg her om dagen då eg var innom gruppa "geitens venner" på andletsboka. Fant ein video som har tatt ifrå meg all tvil om kva slags geit eg eller helst skulle hatt! Er det nokon som veit kor eg kan skaffe ei av denne type? Geita kallast ofte for "fainting goat". Norsk: "Besvimande geit". SJÅ VIDEOEN! GOD FORNØYELSE! http://www.youtube.com/watch?v=we9_CdNPuJg Funker ikkje dette gå på youtube.com og søk på Fainting goats

tysdag 8. januar 2008

PS!

Gløymde å fortelje to ting!

1. Dykk som er så utvalgte og bli sendt postkort til, må nok vente ei stund til. Sendte korta for halvannan veke sidan, men korta tok fort 3-4 veker var budskapet eg fekk!

2. Dykk er ikkje dei einaste som får noko forsinka, eg sit ennå å ventar på bagasjen. Deriblandt den nydelege dressjakken, geiteskinnet, dei flotte skreddarsydde buksene mine og ikkje minst te-kanna og trefigurane!

Heim, skjøne heim!

Då har eg landa, heim kjære heim. Var i grunnen metta av Afrika på ei stund no. Trur nok det har me innstillinga å gjere og, er du innstilt på ein månad, så blir det ein månad. Kankje eg skulle reist ned ein gong, utan retur billett. I og me at taxien heim sikkert ikkje hadde kosta meir enn 25 NKr uansett. Hadde nok det gått seg til. Fekk faktisk høyre om ein som tok taxi til Ungarn her om dagen. Frå Noreg! Det måtte absolutt vore ei oppleving! MEN eg har absolutt opplevd mykje eg og på den tida eg har tilbragt i Mali. Har rekna på det. Enten er eg VELDIG ustødig i matte, veldig trøyt eller så har eg tilbragt 1/482 av livet mitt i Mali. Kan nokon kontrolere dette? Eg er 20 år og 1 og 1/2 månad og har vore 1 månad i Mali. Legg igjen ein kommentar! Eg kjenner og på det at me er heldige som bur her oppe. Me har nok kler, flotte hus, slepp å stampe hirse i timevis for å få oss kveldsmat, ein jobb, penger til å reise på ferie. Der nede går dei å slit. Stampar hirse, søv i eit "myrhus" eller ei stråhytte. Det som likevel forundra meg var å sjå kor glade dei var. Smilte! Mykje meir enn oss!

Har også i løpet av denne månaden forstått begrepet U-LAND. Dette var eit U-land! Det er jo buss episoden eit bevis på. Det skulle ikkje blitt gjort mykje der for effiktiviteten var på eit anna nivå. Og folka har mykje å lære sjølve og, sånn som ho dama på bussen. Men eg trur ting vil bli bedre! Ein i reisefylgje hadde samla inn penger til skulemateriell på ein barne skule i landsbyen Boni. Klassane var på ca 50 stk og kvar klasse hadde frå før ei bok på deling. 4000 Nkr var med på å gje alle klassane fleire bøker, noko som gjorde at det blei 3 elevar på kvar bok pluss masse kritt og kladdebøker. BRA! Når desse bøkene blei overrekkt var det tre menn som sto å noterte kva bøker som kom inn og anntall. Dette var for viss bare ein gjorde dette kunne han heller selgje bøkene. Mali er statistisk verdas 3. mest korrupte land for den som lurte!
Men skulen kunne det og stått bedre til med, mens opptelling og slikt pågjekk tok eg turen rundt i klasseromma og tok litt bilder og slikt. Og PLUTSELEG kva trur du ikkje skjer? Utifrå det eine klasserommet kjem det to esel ( eit esel, fleire esel??) i lett trav. Syns no dei kan prøve å halde dyra ute i skulegarden i det minste eg.

Kjenner eg er glad for å vekse opp her. Men trur nok eg må på besøk igjen.

Det einaste eg ikkje ser fram til no er å ringje kontofonen. Har ikkje sjekka den sidan eg reiste, og det sisste hotellet me sov på var passe heftig! Trur nok det var verdt det!

søndag 6. januar 2008

THE END!

Nei, fillen ta, naa naerme det seg slutten her nere, og e har litt blanda foelelsar. Greit aa komma heim og sleppa dissa kloakkrennene overalt(klarte aa troe i ei te, e det muligt, har gitt vekk skonaa te ein lokale helt her nere). (Saa eg maa paa sko shopping naar eg komme heim). Ossaa grue eg meg litt og, sikkert veldigt kaldt, blaase forferdeligt, og moeye regn, og systaaraa mi har prestert aa dreba bilen min, faar haaba ann komme seg! Tiden leger alle saar blir det sagt! Og det regna, saa daa kan ann var litt vanskelige, ikkje hadde u nok kjaerleik te ann heller sikkert! Nei, denne bilen gaar ikkje bare paa bensin og loft! Her e det varmt aa godt, har ikkje bil, men ein taxi e ikkje akkuratt ran. typisk 12,50 kr og kjoer saa langt du vil, merr den.
Blir hardt me det der flyet og... Reise kl 12 paa kvelden og e heima kl 15.00 paa dagen! DET E LENGE I FLY! "HELDIGVIS" ska me paa tri fly saa det blir litt bytting! HUTTEMEGTU! eg komme te aa bli leie av det der! Tri fly betyr 3 landingar og tri lettingar dvs. 6 oekter med proppar i oeyrene, og foelesen av at haave holde paa aa sprenga! LEI-AHAH

fredag 4. januar 2008

BEKLAGER!!!

Beklage att dette har tatt tid, men det har vore ein del buskmenn som har staatt i veien for dataen i det sissta! OG GODT NYTT AAR FORRESTEN!!! Haabe alt gjekk seg te heima i aar og me vannrette rakrettar og masse morro! Her va det ein heller daffe nyttaarsfeiring, men eg fekk gaatt rondt julatreet, og det har eg ikkje gjort siden 95 tror eg ca... Det naerme seg slutten her nere, og det finne eg litt leit! men det ska bli godt aa komma heim te u mor og naa.. og far.. har lagt oss inn paa ett flott hotell og greier, og det e koZ! men eg maa gaa.. bye bye

onsdag 26. desember 2007

God Jul!! Kankje litt seint?!?

Javel, då kan eg tenka meg den styssta julatriå e øve heima og... Og alle e nok fornøyde me presangane og de trivelige familieselskapene! Jammen trist eg gjekk glipp av de i år. Valgte heller å tilbringa julå her. Me har nå skifta by, me vatidligare i Sevare, men nå e me i Duentza (eg tror det skrives sånn) Den der gjengen eg e me har budd her i seks år så og har vore heima i 10 år ittepå, så når me kom va det fest. Gamle damer så slo på trommer å danste.. Det va litt av ein opplevelse kan du sei... Me har og hatt ei natt i ein aen by ittepå, som hette Boni, der va det åg ein kjenning av reiseledaren, så når me kom drog an fram ei sprell levande geit og sa "Her e kveldsmaten" . Du hendelse eg blei begeistra!!! Det va ein i reisefølge så rett å slett måtte ta ein Jalla (ufrivillig kvil), men ann kom seg ittekvart. De slakta geitå og fekk na på grillen, de stampa hirse så me sko ha attåt... "FOR ETT FESTMÅLTID!!!" tenkte eg. Må forresten legga te at eg fekk me meg skinnet heim, tenkte eg sko sy vest av det elle någe sånn, får se ka det blir te... Her om dagen va eg og hjå skreddaren, det e jo åg ett kapittel for seg sjøl i og me at de ikkje snakke engelsk eller norsk her nere, bare fransk og stammespråk, liten utfordring va det, men eg har ein kropp som fungere godt samen med kroppspråk. Betalte ca 70 norske kroner, så hadde fått meg skreddarsydd malidrakt, eller ka du vil kalla det, veldigt luftige kler.. Her e det sånn at ingen, bare turistar går med kortbuksa, og eg prøve å gli inn me de svarte, så eg går nå nesten kun iført malikler... Va og hjå skreddaren og fekk sydd dressjakke, men eg e velidigt spente på koss det går, eg konne jo bare engelsk, og det konne ikkje skreddaren, og han e heller ikkje vant me å sy dressjakkar. Ann blei ikkje så seriøse den der dressjakken, det blei ein gule me någen fiskar på, men det e jo fett nok det... I dag har me vore å sitt på krokodillar, ja tro det eller ei, ei ørkenen e det krokkisar... Fant ein oase lignande ting her, med någe vatn, me heilt ville krokkissar, ein opplevelse.
Då gjenstår det bare ein ting for meg å sei, det e god jul og godt nytt år, for nå vett eg ikkje ka ti eg komme te data igjen...
PS! dokk så reagere på kor i all verden nynorsken min blei av, komme ann nok tebage når eg returnere te randaberg igjen. Blei for møye med denne fransken så eg ikkje har peiling på her nere...

torsdag 20. desember 2007

Buss, buss, saa faar du en suss...

Me har flytta oss, og flytta seg her nere e ikkje bare bare... Me tog bussen,naage saa hoerres heilt greit ud,naar du faar hoerra paa forhaand at me moete opp hall 8 og bussen tar 8 timar... Det gaar nok bra det tenke du... Me kom fram te der e sko ta bussen ifra... DET VA SAA MOEYE FOLK!!!! Fysst gjekk me inn ei lidaa grind saa alle gjekk inn aa ud av... Saa her va det ikkje aa venta paa tur, men PRESS AA SKU! Eg saa hadde ca to baggar me meg va det huttetu aa komma seg ijoenaa... Men eg kom meg omsider inn eg og... det va ein lettelse... daa va klokkaa ca 07.15. Saa maatte me venta paa bussen vaar. Den kom ca 12.15. Det vil sei grovt regna 4 timar venting, i varmen, blandt geider og og ein haerskare med folk! Saa kom bussen og me gjekk ombord og kom oss omsider avgaarde kaare. Geidene la de onna bussen i bagasjerommet, saa me slapp aa ha de i bussen. De 8 timane som bussturen tog va i afrikansk tid, det vil sei 11 timar. Eg maa fortella om ei paa bussen. Hu satt me ein onge paa fanget. Fysst aad u eple. skalle spytta u ud paa golvet, dvs u proevde, u traff som regel blusen. Saa va det tid for vannmelon, steinane havna paa same plassen... Ittekvart maatte u aag vaske hendene, vann i flaska, udoeve hendene, og ud paa golvet... du sko sitt koss det saag ut itte hu paa den der bussen... Hu mor hadde nok ikkje blitt begeistra viss hu hadde kjoert den bussen... Me hadde ett par stopp paa veien og.. Den eine plassen sko eg paa do, for der va det toaletter, med andre ord haal i bakken. Det hadde vore greit nok det, hadde det ikkje vore for at han foer meg hadde bomma naar han hadde lagt kabelen... aaaahhh FYSJ! hadde ikkje kamera akkurtt der, heldigvis, tenke nok du, for det bilde sko deff faatt ein plass paa bloggen. Me kom oss fram og blei henta av ein nordmann saa bur her nere, og kom oss te ett hotell, og fekk lagd oss.... Som sagt har eg lert meg te aa ikkje tenka drid om ting som skjer her, men heller kalla det ein opplevelse, DENNE BUSSTUREN VA ABSOLUTT EIN OPPLEVELSE!!! Har i groen ikkje saa moeye merr aa fortella. Di seie bilder seie merr enn tusen ord, men bilder faar dokk ikkje, dokk kan faa se naar eg komme heim.

måndag 17. desember 2007

Service

Det eg sa om at di skonaa va kasserte e naa bare tull... Meg aa Donna la skonaa vaare i badekaret for hans og va temmeligt raadne. Saa ein dag kom roomservicen og tog skonaa aa vaskte de.. Hans kvite sko hadde aldrig vore saa kvite foer og mine brune, tror eg aldrig har vore saa reine i det heila tatt naagen gang... Du hendelse den maen har skrubbd. Merke det e sykeligt billigt her nere fyssta... Reiseledaren va aa handla Mali mad te oss, og betalte 750 for ca 7 porsjonar, det vil sei ca 8 norske... Ka e det me holde paa me heima egentligt??? Me saa va me paa ein kjempeflotte restaurant og aad der og og daa blei det steig aa ris me gode desert og kaffi(kaffien va vonde) og daa betalte me ca 100 norske... I maaraa ska me vidare. tar buss. Med afrikanera. 8 timar. Ser ikkje direkte fram te det, men me har lert oss te at det saa gaar drid, ikkje e drid, men ein opplevelse... Det blir det nok... Det blir hotell neste plass og, men naar me daa reise videre, blir det drida bag ein busk, eda paa golvet, "dusja" bag ei straamatta, HUTTETU... (der skulle eg hatt eit utropstegn, men kan ikkje finna det paa dette tastaturet) Eg har saa moeye eg konne fortalt her inne, men eg maa spara det te eg komme heim tror eg. Det e for sykt. Glede meg te me ska ha fortellar kveld... Mor sa foer eg reiste at dette kom nok te aa bli ein opplevelse, hu konne ikkje tatt meir rett... bilder faar dokk helle ikkje, det tog 40 minutt aa lasta opp det forriga... Men eg har tatt ca hallaen giga med bilder te naa(ca 300 bilder), vett ikkje om eg har nok lagringskapasitet me meg te aa holda paa i dette tempoet...

laurdag 15. desember 2007

JADDAA!

Har naa ankommet Mali. Det var trivelig! Hadde ei natt i London, kor me va paa musikal forestilling! Tro det eller ei, men det va ganske fantastisk... I motsetning til undergrundsopplegget de hadde i den der byen, du hendelse for ett kaos! Sikkert KJEMPEFLOTT viss du e ein av di saa kan me det der, men for oss turistar va det ett stort no no no. Hoppa inn og hoppa ud av di der med 30 kilo baggasje e ikkje lette greier. Og for ein fart de doerene der hoppte og igjen i! Eg blei lettare sjokkerte! Men musikalen va bra, QUEEN. Saa kom me oss omsider til Mali daa, flyplassen her va jo og ett kapittel for seg sjoel. I og med at det va hovudstaden me landa i saag jo eg for meg naage stort og flott, men den gang ei, viss du har sitt Haugesund flyplass har du sitt, bare me moeye mindre fasiliteter. Det som sjokkerte meg mest va baggasjerullebaandet. Eg stod der aa klagte paa kaffor naagen aannassar saa konne ha hatt lagt dette her, og plutseligt naar eg ser ner, stod det FABRICOM paa det, aiai, det er jo firmaet som eg jobbar i... AIAIAI... Men me fekk litt av bagasjen jaffal, resten sko komma i dag, joda det er afrika me snakkar om, ting gaar sjeldent som planlagt... I dag har me vore paa marked, eg har berre eit ord: SYGAVIGAA! Folk, geiter, sauer i hytt aa gever... aaaa du hendelse... Ossaa va daar saanne klakkrenner overalt... aaaaaaa kjere vene... Lokta lettare ringt, sagen blei ikkje bedre naar eg presterte aa troe rett oppi ett hol i ristaa saa laag oeve. Dette skjedde paa ein plass det faktisk va rist, paa di fleste plasser va det ikkje rist... Saa eg gjekk inn paa ett dass aa fekk spylt foden aa skoen litt... tror forsaavidt det e bare te aa hiva de der skonaa... faar sikkert aldri den loktaa ut, ja eg tror ikkje eg gidde ta de med meg lenger eg... va ganske goe sko og... Men prisane her nede e heilt sinnsyge, sko ikkje tro det va muligt... aa huttemegtu... Det e jo heilt sykt billigt.... Men det tror eg eg komme tebage te... Naa e det kveld... ADJOE

Naa er eg i Mali


Tekst kommer seinere. Vaer forberedt.

tysdag 11. desember 2007

No er det ikkje lenge igjen!

No er det rett før det skjer! Om to dagar er eg i London. For så å ta flyet vidare til Bamako, Mali. Viss du ein dag keiar deg ksn du skjekke veret mitt. www.yr.no og søk på Bamako. Nei, eg skal ikkje vere i Bamako heile vegen, men du får ei aning i korleis eg har det. I dag har eg pakka til utreisa. Det tar på dette her, med å pakke, for å vere på ferie så lenge. Eg kjem heim den åttande januar for den så lurte på det. Så no har eg julaferie. Jo da, ingenting er som fire veker ferie. På den kvelden eg skal ha i London, skal me på Queen musikal. Eg, gut, 20 år og ugift, har aldreg vore på musikal! Ser egentlig for meg at det blir ein opplevelse, folk seier så. Har fått for dette med kultur i det sisste. Jo da, kulturmennesket Ole Sande. Trur eg ska fortsetta den gode trenden når eg komme heim. Begynna å trena, eda sunt å alt sånt. Slutta med det kjekka, og begynna med det keisomme. Det er då du lev lenge er det som blir sagt følar eg. Jaja, dei forskarane kan ein ikkje høyre på allikevel. Ingen av dei er einig med einaen. Nei, det var det eg hadde å seie for i dag. Kankje det kjem hoppande inn eit innlegg og fire når eg er der nede men kven veit? GOD JUL OG GODT NYTT ÅR.

torsdag 6. desember 2007

HIPP HURRA!

No har det skjedd. Til og med eg er blitt 20 år. Det skjedde på lørdag. Dagen blei fyrst feira på fredag då eg var på Hellbillies konsert! FANTASTISK!!! På lørdag gjorde eg absolutt ingenting spesielt eigentleg. Og syndag var det familieselskap. Joda, familieselskap er alltid ein sikker vinnar! Eg blir like skuffa kvar gong eg blir eldre eg... Du går å gledar deg og gledar deg. Og plutselig kjem dagen! Du vaknar opp og ser rundt deg og på deg og tenkjer: HER HAR DET JO IKKJE SKJEDD EIN DRITT! Merkelige greier helia greia... Men det er jo så klart koseleg å sjå telefonen som det har kome meldingar på, facebook, kort i posten og nokon trivlige telefonsamtalar! TAKK TIL DYKK!
No er det jula som står å bankar på, julegrana er tent, har faktisk hatt snø, det er kjempekaldt om morgonane. Joda, det er jula som gjer vinteren god. Men dette året blir annleis det. Eg skal til Afrika, nærare bestemt Mali. Mali er eit land som ligg ca midt i Vest-Afrika. Varmt og godt. Trur eg. Det blir greit med EIN MÅNED nesten med ferie. Bli solbrent i jula er nok ikkje ein ynske-situasjon for alle, men dette er noko som ikkje kan unngås for min del. Har prøvd sol-blokkering og det heile. Trur kroppen min er sjeldent byggd. Tåler verken for mykje sol eller mørke. Neida, menn som meg veks ikkje på trer. Turen har eg visst om lenge no. Ca eit år. Og det har kankje du og... 7 dagar så er det bye bye (farvel, farvel) kalde Noreg. I og med at eg reiser om ei veke burde eg snart begynne å tenkje på julepresangar. Jaja, har eit par dagar på meg neste veke også. Skal se om eg ikkje får lagd ut nokon blogginnlegg når er der nede. I hega går turen til Kristiansand ein tur. Gledar meg til dette. Alltid stas med ein biltur! Men du hendelse, du blir lei også..
Kjente no at dette ikkje var tida for å skrive blogg. Håpar tida kjem over meg seinare.

måndag 26. november 2007

Plutseleg kom han

I går var han plutseleg komen. Den me alle venta på. Snøen. Men kven skulle tru han kom så tidleg? Dette var nytt for oss alle. Tenkte eg skulle berre halde kjeft om ei hending som skjedde, men eg klarar det ikkje. Det har seg nemlig slik at eg ikkje er heilt klar over om eg har vinterdekk på bilen min eller ikkje. Du ser, eg hadde eit par uynskja hendelsar i haust. Med mykje punkteringar. Triste greier. Så kvar gong eg punkterte for eg ut til Sande (garden nord) fant nytt dekk å dro ut pigganne. Men sisste gong var i november, så eg veit eg har i alle fall eit piggdekk på, og det står bak, resten er ei blanding av piggfrie piggdekk og sommardekk. Så det så skjedde når meg og ein kamerat var ute å kjøyrde var at eg berre MÅTTE prøve å få bilen i sladd, noko som kan vere vanskeleg då bilen tross alt har eit piggdekk bak og ei heilt usannsynleg dårleg håndbrekk. Men flink som eg er klarte eg å leggje bilen i sladd. Fyrrste forsøk gjekk tåleg bra, med ein gong bilen kom litt ut av kontroll retta eg den opp og kjyrde vidare, men kamerat hadde ikkje fått nok. GREIT! Eg fekk bilen i sladd igjen, men greidde ikkje å snu retning før det kom eit steingjerde i ein låg fart rett mot meg. Me såg: AJAJ, dette går galt, og før det small rakk me å le i ca 2,3 sekund. Så kom den gode lyden av knusande parklykt, forskyvelse av framskjerm og kankje litt panser, og ikkje minst inerskjerm som no står i vinkel inni der som gjer frå seg ein skikkeleg go-lyd når eg svinger til kva som helst side. Jaja, kva gjer vel det? Har høyrt at du får 5000,- for bilane på knoksen neste år, så dermed har eg gjort god butikk, når eg kjøpte den for 2000,- i januar. Det vil seie eg betalte -3000 + ca 1500 i deler= eg sit igjen med å ha bil eit år og 1500,- i pluss. Dette er ikkje verst!
Eg har tenkt på det i det siste, i skrivande stund er det ikkje lenge til store ting skal skje i mitt liv! I dag er det mandag. På fredag skal eg på konsert med Hellbillies. Dette blir ei stor oppleving trur eg! Dagen etterpå er det min dag. Då har eg gått på denne klode i 20 år! Trur eg vil gjere noko stort denne dagen, noko kos. Må finne på noko lurt der! Dagen etterpå der igjen er det familiemiddag med heile gjengen! Unntatt dei som er flytta herifrå! Ca tolv dagar etter på (no er vi på 13. desember) går turen til London! Og etter ei natt der går turen vidare til Mali! EG GLEDER MEG! Så då må eg unnskylde viss bloggen ikkje blir oppdatert! Men store ting kan skje! Julafta skal eg feire utan tak i ørkenen. Eg vonar eg ikkje vaknar om morgonen, med HEILE nasen full av sand, noko som kan skje etter som eg har høyrd. Gleder meg til mesten 4 veker med varme, sol og sommar i denne triste tida som er i annmarsj. Personleg meiner eg ho er komen til gards for lenge sidan, men eg er ikkje intersert i å vere den negative av oss.
Elles vil eg bare ynskje dykk alle til lykke med juleforbredelsane, og ikkje gløym meininga med jul, og ikkje gløym dei så ikkje har det så godt i jula, og ikkje gløym familien din, sjølv om juletida kan vere veldig travel.
Det var det eg hadde å seie i dag.

OVER OG UT


PS! Har bursdag på lørdag 1. desember.
Gratulasjoner mottas med takk.

PPS! trur ikkje det blir lenge til neste blogginnlegg. Har mykje på hjarte, men er veldig trøyt!

måndag 19. november 2007

S-TECH INFO!

Har gløymt å nevne ein viktig del av livet mitt her i bloggen min; nemleg S-TECH, som står for Sande Technology. ”WOW! For eit kult namn, det må vere eit bra firma!” tenkjer kankje du. Og jammen er ikkje det langt i fra sanninga. Du ser det at eg har ein draum som mange andre om å starte eiget firma. Hovudproblemet mitt er at eg rett å slett ikkje gidd å registrere det. For DET er ei papirmølle. Først registrere så regnskap å moms og ditt og datt. Og det anre problemet som er ca like stort er at eg ikkje veit kva eg skal drive med… Eg har prøvd det meste. Og starta avdelingar innan S-TECH. Til no har eg S-TECH SVEIS, S-TECH FISK, S-TECH PLEN, S-TECH FOTO og sisst, men ikkje minst S-TECH GRAVING. Den beste avdelinga til no må absolutt vere sveise avdelinga, i og med at resten berre er utgiftspostar. S-TECH fist har eg til no hatt utgifter på Båt+motor: KR: 1000. 3-4 harper ca 200,- bensin og kanne ca 500, vest ca 300,-+++. Har ikkje seld nokon fisk fordi eg likar godt fisk sjølve og har vald heilt feil fiskeplassar. S-TECH PLEN er det utgifter på reimer og bensin og ingen inntekter i og med at dette berre er familie eg klypp plen for. S-TECH foto er sjølve sorga, så det snakkar eg ikkje meir om. Men S-TECH GRAVING ser eg lyst på med tanke på framtida, Hadde ein gravejobb, med innleid gravemaskin i eit naust er om dagen, men trur og dette blir i minus, i og med at naustet blir eigd av min bror, men brukt av meg sjølve, eller S-TECH FISK. Dørene i naustet må skiftast ut i næraste framtid, så då må eg nok starta ei ny avdeling; S-TECH BYGG. Vil nok og gå i minus, sidan eg må leige inn ekstern arbeidskraft og at S-TECH FISK må kjøpe materiale. Håpar den innleigde krafta går med på dugnadsarbeid. Har ein plan om å legge ut diverse bilder frå kvar avdeling, så dette må dykk halde dykk sjølve oppdaterte om. I naustet skal eg og leggje inn straum og vatn, så då må eg starte S-TECH RØYR og S-TECH STRAUM, men det kjem det meir info om med ei seinare annledning. Sjølve S-TECH konsernet har utgifter på firmabil, og dette vil bli ein voksande post, fordi bilen må snart byttast ut med ein varebil av eit slag. Å du hendelse, det er ikkje lett å drive firma i dag…
Vil i dag dra fram ei lita historie om kva som skjedde i S-TECH FISK her om dagen. Dette skjeddefor ca 2 veker sidan; Ein fredag eg hadde fri fra jobben lurte eg på om eg ikkje skulle ta meg ein litan fisketur. Så eg ringte til diverse kjenningar av meg å surde om det i det heile tatt var fisk i havet på denne tida å året, eg ringde til far, ein kollega og ei vennine med fiskar som far, alle meinte at det var det, kor skulle han elles gå? Himmelen var blå og temperatuer kald, så eg kjøpte meg ei ny lue (BF). Kledde meg opp, kjøpte og ny harpe, i og med at loddet hadde falle fra på den gamle. Skua båten i havet og satte kurs for motsatt sie av fjorden, fordi alle meiner at graset er bedre på den andre sia, sjølv seier eg heller at du ikkje treng gå over bekken for å hente vann, men, men, det var no slik det blei. Turen tok ca 20 minutt, noko som er VELDIG lenge for denne kortestrekningen, men eg vil seie det var bra i og med at båten var billeg og liten, og mototren ikkje større. I det eg hadde funne plassen min tar veret ein ekstrem forvandling. Det blir plutseleg grått alt, med regn, men eg har lærd i løpet av mine 20 år (NESTEN!) at fisken bit bedre på ein regndag, men ikkje i mitt tilfelle… Null fisk. Så nå tenkjer at det rett å slett ikkje er fisk i havet om vinteren. Nok eit uforklarleg naturfenomen. Jaja, nå har eg i det minste fått gravd ut av naustet, og satt båten på plass.
Takk for alt.

PS! Vil takke for alle kommentarar dykk legg igjen i kommentar-boksen, alltid kjekt å vite meininga fra folk, både positivt og negativt, særleg skriveleif.









S-TECH blider:





S-TECH PLEN
S-TECH GRAV & SPRENGS-TECH FISKNY! S-TECH BÅTSAFARI
S-TECH STÅL

Som alle firma med respekt for seg sjølve har også S-TECH eingen HMS-ansvarleg

torsdag 1. november 2007

Vinteren er komen i hus!

Me kjenner alle til denne forferdelige tia… Dagane begynn å bli grå. Du vaknar på ein heilt normal lørdag og åpnar den eine augnelokket og ser ut… Kva ser du? Nok ein grå dag, med skodde, regn og heller lite arbeidslyst. Mykje er sagt, meir skulle vore gjort, men lite blir utført. Du merkar også på andre måtar at tida er komen, Du har desse to raude som står cirka midt på den nedre del av andlete. Leppene. Dei sprik. Og viss du også er komen til det punktet, har eg berre ein ting å seie… Det blir verre, dette er noko eg veit av eigen erfaring. Det er berre ein ting å gjere. Spring å handle Lipsyl. Eg vil seie som eg har sagt før: Eg er ikkje pessimist, berre realist! (Kult å bruke sånne innvikla ord!)
Så har du dette vestlandet, fekk her om dagen høyre at forrige gong vi hadde kvit jul her var i `94. Dette er ca 12-14 år sidan.. Eg var berre barnet. Har funne ut at eg må ta turen austover når eg kjem heim fra afrika, for å se korleis det er. Berre for å oppleve skikkeleg temperatur forskjel.
Nokon høgdepunkt har me allikevel, vil seie eg er litt flink til å se positive sider av ting og av og til. Døme: No til helga er det fjos-helg. Eg ser fram med iver til dette! (Er det lov å skrive IVER på nynorsk?). Dette har eg jo ikkje gjort sidan påske. Skal stelle kyr, stutar, geiter, kaniner og ein hund! DETTE BLIR KOS! Det er ein slik blanding eg drøymer om å ha, litt av kvart, men eg vil og ha eit par tusen mål med skog. Tenkje seg til: Stå opp om morgenen, stelle dyra, ete frukost, pakke ei niste, kjøyre opp i lia, hogge/sage eit par trer, ete nistepakka, hogge eit par trer til, binde dei til traktoren, leggje dei i ei røys utfor løa, stelle dyra, ha kveldsmat, lese eit nytt kapitell i yndlingsboka(ikkje se TV, for det har du ikkje) gå til sengs. Når vinteren kjem kløyver du veden og sel den til urbaniserte tullingar i byen. Trur faktisk dette er alternativ ein til det gode liv. Alternativ to er å reise til afrika, og rett å slett leve på deira gjestfrileik. Lære dei triksa om alt slags tull du kan om moderne teknikk. Døme: skifte ei lyspære på ein bil eller sveise saman ein bil som er knukke på midten. Trur eg må teste ut dette når eg reisar. Finne ut korleis det er der nede…
Eller kan eg seie den der sykkel/gåtur greia mi rundt det fantastiske hålandsvatnet her nede er gått fullstendig i dass. SKJERPINGS! Satsar på å lø av litt kalorier i helga, i fjoset. Det som var litt trist, det var at eg ikkje trengte gå tur med hunden, va berre til å sleppe han ut når eg va der nede. Hunden syng på siste vers, om ikkje ekstranummeret
Det var det eg hadde å seie for denne gong. For seie om neste innlegg som Jesus seier. Han kjem igjen, men ingen veit kva tid!
Ha ei fin framtid!!

PS! Lærte meg eit nytt ord her om dagen: OMHUG, den som veit kva det betyr kan leggje igjen ein kommentar!
PPS! Eg veit svaret, så dette er ein litan Quiz.

onsdag 17. oktober 2007

Samfunnsproblem++

Eg merkar det stadeg meir og meir…. Politikaren i meg renn fram…. Samfunnsproblema er eit aukande problem inni mitt hovud… Meg og ein kamerat gjekk rundt Hålandsvatnet i går…. SYKLISTAR!!! Er i grunnen heilt greie, så lenge dei har utstyret sitt i orden… (eg er tross alt litt tursyklist sjølve og har då all grunn til å uttale meg…) DET BURDE VERE PÅBODE(er det slik påbode blir skrive?(er det rett å seie skrive?)) MED RINGJEKLOKKE PÅ SYKKELEN!!! To gonger måtte eg snu meg å sjå perleporten åpna seg foran meg, men greide begge gongene å slengje meg til sides, for å sleppe å gå inn der før fylde 20 år. Tok forresten ein ny test på andletsboka, der det sto at eg vil leve i 50 år til(noko som passar meg heilt greit). Ein ting til når det anngjeld tur: Kvifor sett dei opp nokre digre master med straum-førande kablar MIDT i turløypa? Kor mykje hadde det kosta å setje desse op andre stader? Norge i eit nøtteskal…. Det skal vere sagt at det ikkje berre var desse problema som uroa meg på denne tur, det var gså mi eigen skuld. Eg hadde gløymt noko av det vitgaste før ein legg ut på ein sånn tur: Tøme ryggjen. Mitt råd er derfor: Sett deg ned på ei lita stund, før du legg ut på ein sånn tur. På grunn av min eigen dumskap fekk min kameat og eg endeleg bekrefta ordtøket: ”Ein skal ikkje prompa når ein går tur med andre, og ein sjølve går bakerst, i medvind.”.


Når eg kom heimatt frå denne særs opplæringsrike turen tok eg å googla Hålandsvatnet. På grunn av målform vil eg ikkje lenkje den sia eg fant opp til min blogg, du veit aldri kva ti du kan bli smitta. Men poenget var det at rundt Hålandsvatnet er det 7, 5 km.. og turen kunne fort vare eit par timar. Dette er heilt sant, men på grunn av min gode fysiske form gjekk me turen på ca. 1 time og 22, 5 minutt. I dette var også ilagt ein pause på 4, 75 minutt, forå vere heilt nøyaktig. Eg kan ikkje seie om kor fort me gjekk i kilometer i timen, men viss du reknar det ut er du meir enn hjarteleg velkommen til å skrive ein kommentar om dette, og legg gjerne med formelen. Men eg prøve å beskrive tempoet:
I vårt travle samfunn er det fort slik at dei fleste trur dei har dårleg tid å går derfor veldig fort (eg likar å tenkje på meg sjølve som litt meir avslappa). Det tempoet som ”normale” folk har på ferie er det tempoet som turen rundt Hålandsvatnet gjekk i. Eg vil betegne dette tempoet som rask gange.




På sia eg fann på google sto det også mykje om kor store fiske-moglegheiter det var på Hålandsvatnet Dette var heilt nytt for meg. Eg begrip ikkje korleis dette meg forbi hus har gått. Skje dette kunne korleis? Som sikert der mange ute veit kjøpte eg meg båt i vår. Og eg trur absolutt Hålandsvatnet er ein bra plass å ha båten når han ikkje er i arbeid for S-TECH (Sande Technology) avd. fisk.

Eg har eilt glømt å fortelje den merkelegaste sykkelhistoria eg har vore borti. Torsdag for nesten to veker sidan sykla eg rundt vatnet med min far sin heller nye sykkel (med ringjeklokke). Eg kom da til ein bratt oppoverbakke, som hadde grus som resten av stien rundt vatnet. Eg gira så klart sykkelen ned til det lågaste giret. Eg presser kroppen mot styret for å kunne gje ekstra gass. Men kva trur du ikkje skjer, sykelen begynner å spinne på bakhjulet (ikkje framhjulet). Eg kastar då kroppen bakover, men dår begynner sykkelen å steile. Eg blir ståande der i bakken i ein tap-tap situasjon, dette mens eg prøver å holde balansen sideslengs, og samtidig finne balansen mellom ikkje krefter på trøene og masse krefter på trøene og oppe i det heila finne balansen fram og tilbake. Det endar med at må gå av sykkelen og leie den opp resten av bakken. Takk for meg, ha ein fin dag

torsdag 4. oktober 2007

Høsten er grusom! eller?

Då har eg akkuratt kome ramlande inn dørene i heimen igjen. Etter mandagens tur fekk eg inspirasjon. Eg trur eg er i ferd med å bli tulling. I dag på jobb kom eg på den heller lite(eller?) geniale idèen å ta meg ein sykkeltur rundt dette fantastiske vatnet som ligg både i Randaberg og oljehovudstaden. Så då blei det slik. På jobb greidde eg ikkje tenkje på anna enn kva musikk eg skulle stappa i hovudet mitt. Valet sto mellom Hellbillies(som eg har eit stort ynskje om å gå på konsert med i Folken 30. november), VAMP eller Odd Norstoga sin gamle CD (sidan verken meg eller mor har kjypt den nye(kor mange CD-ar har i grunn denne helten gitt ut?) Eg har tenkt mykje på det å flytte ut frå mor og far snart, er alltid på leit etter moglede bustader, men utan hell. Men eg fann eit hus ved vatnet: Hadde det faktisk vorte til hadde det vel sett noko ut slik som dette:
"Enebolig til salgs
Liten enebolig med eit lite soverom er no lagt for salg.
Dette er eneboligen for deg som er aleine, og likar det slik.
Fin lang strandlinje følgjer med i prisen
Pris: 4.000.000
BOA: 4,5 kvm"

EG TRUR EG BUR HEIME OG VENTAR PÅ KRAKKET!
som om det skjer...

tysdag 2. oktober 2007

FEIL!

Eg vil med dette innlegget beklaga det som no har skjedd eller ikkje skjedd. Eg har funne ut at Randaberg har eit vatn til. Det som blir kalla "Harestadmyrå". Veit ikkje om dette eigentleg er eit vatn i og med at det faktisk er myr.
Men ein ting er sikkert: Det er mykje vatn i myra.

Tenkte eg kunne leggja inn bilder på bloggen min og, men det har dessverre ikkje blitt enda. Eg trur det kommer.

måndag 1. oktober 2007

BLOGG!

No er eg i gang!
I dag tenkte eg at eg ville gjera noko nytt! Og dette er kva det blei! EIN BLOGG! Dette blir ein møteplass for meg og mine vener, men ulempa er at det er ein monolog. Eg vil gjere mitt beste for å skrive på Ivar Aasen`s språk: NYNORSK. (har også meld meg inn i ei ny gruppe på andletsboka: Ja til nynorsk). Eg kan desverre ikkje på nokon måte gje nokon slags garanti for skrivefeil eller støtande innhold i bilder, tekst eller evetuelle videofilmar

Eg kan vel begynne med at eg har no gått ein tur som skulle vere kort, men blei ganske lang,ettersom vatnet eg gjekk rundt var stort. Dette vatne vart kalla Hålandsvatnet(ettersom det er det det heiter). Eg vil påstå, med veldig usikre kjelder at det er det einaste vatnet i Randaberg, ettersom bøkanalen ikkje er ein vatn, men ein kanal. Underveis i bloggen vil eg og prøve å leggje ut nyttig og ikkje minst unyttig informasjon om mine omgjevelsar. Setter også pris på at om du finer feil i informasjon eller språk, sender meg ein elektronisk post.