I går var han plutseleg komen. Den me alle venta på. Snøen. Men kven skulle tru han kom så tidleg? Dette var nytt for oss alle. Tenkte eg skulle berre halde kjeft om ei hending som skjedde, men eg klarar det ikkje. Det har seg nemlig slik at eg ikkje er heilt klar over om eg har vinterdekk på bilen min eller ikkje. Du ser, eg hadde eit par uynskja hendelsar i haust. Med mykje punkteringar. Triste greier. Så kvar gong eg punkterte for eg ut til Sande (garden nord) fant nytt dekk å dro ut pigganne. Men sisste gong var i november, så eg veit eg har i alle fall eit piggdekk på, og det står bak, resten er ei blanding av piggfrie piggdekk og sommardekk. Så det så skjedde når meg og ein kamerat var ute å kjøyrde var at eg berre MÅTTE prøve å få bilen i sladd, noko som kan vere vanskeleg då bilen tross alt har eit piggdekk bak og ei heilt usannsynleg dårleg håndbrekk. Men flink som eg er klarte eg å leggje bilen i sladd. Fyrrste forsøk gjekk tåleg bra, med ein gong bilen kom litt ut av kontroll retta eg den opp og kjyrde vidare, men kamerat hadde ikkje fått nok. GREIT! Eg fekk bilen i sladd igjen, men greidde ikkje å snu retning før det kom eit steingjerde i ein låg fart rett mot meg. Me såg: AJAJ, dette går galt, og før det small rakk me å le i ca 2,3 sekund. Så kom den gode lyden av knusande parklykt, forskyvelse av framskjerm og kankje litt panser, og ikkje minst inerskjerm som no står i vinkel inni der som gjer frå seg ein skikkeleg go-lyd når eg svinger til kva som helst side. Jaja, kva gjer vel det? Har høyrt at du får 5000,- for bilane på knoksen neste år, så dermed har eg gjort god butikk, når eg kjøpte den for 2000,- i januar. Det vil seie eg betalte -3000 + ca 1500 i deler= eg sit igjen med å ha bil eit år og 1500,- i pluss. Dette er ikkje verst!
Eg har tenkt på det i det siste, i skrivande stund er det ikkje lenge til store ting skal skje i mitt liv! I dag er det mandag. På fredag skal eg på konsert med Hellbillies. Dette blir ei stor oppleving trur eg! Dagen etterpå er det min dag. Då har eg gått på denne klode i 20 år! Trur eg vil gjere noko stort denne dagen, noko kos. Må finne på noko lurt der! Dagen etterpå der igjen er det familiemiddag med heile gjengen! Unntatt dei som er flytta herifrå! Ca tolv dagar etter på (no er vi på 13. desember) går turen til London! Og etter ei natt der går turen vidare til Mali! EG GLEDER MEG! Så då må eg unnskylde viss bloggen ikkje blir oppdatert! Men store ting kan skje! Julafta skal eg feire utan tak i ørkenen. Eg vonar eg ikkje vaknar om morgonen, med HEILE nasen full av sand, noko som kan skje etter som eg har høyrd. Gleder meg til mesten 4 veker med varme, sol og sommar i denne triste tida som er i annmarsj. Personleg meiner eg ho er komen til gards for lenge sidan, men eg er ikkje intersert i å vere den negative av oss.
Elles vil eg bare ynskje dykk alle til lykke med juleforbredelsane, og ikkje gløym meininga med jul, og ikkje gløym dei så ikkje har det så godt i jula, og ikkje gløym familien din, sjølv om juletida kan vere veldig travel.
Det var det eg hadde å seie i dag.
OVER OG UT
PS! Har bursdag på lørdag 1. desember.
Gratulasjoner mottas med takk.
PPS! trur ikkje det blir lenge til neste blogginnlegg. Har mykje på hjarte, men er veldig trøyt!
måndag 26. november 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Dårlig nytt: Ordinær vrakpant for 2008 vil vere på 1 500 kroner, medan den vil vere 5 000 kroner for dei sterkt forureinande dieselkøyretøya
Så med mindre du i ei brenning konverterer til sterkt forureinande diesel og får dette registrert så...
No skulle du hatt S-Tech Auto...
KJELLAR! dette var heller deprimerande å høyra! Trur neppe det nokon gong kjem S-TECH Auto. Så det blir 1500 på meg til neste år...
Du e helten min! :)
Du konne jo oppdatert fra konserten. Det hadde vert kjekt. Men ein aen ting. Koss finne du ein blogg? Og koss gjømme du an?
Hei du - kjekt å se livstegn fra deg Ole - ser du har hjulpe marri med å gjømma sin blogg - va lett å finna din og!Kordan gjørr eg det? Morå til manne
Legg inn en kommentar