torsdag 6. desember 2007

HIPP HURRA!

No har det skjedd. Til og med eg er blitt 20 år. Det skjedde på lørdag. Dagen blei fyrst feira på fredag då eg var på Hellbillies konsert! FANTASTISK!!! På lørdag gjorde eg absolutt ingenting spesielt eigentleg. Og syndag var det familieselskap. Joda, familieselskap er alltid ein sikker vinnar! Eg blir like skuffa kvar gong eg blir eldre eg... Du går å gledar deg og gledar deg. Og plutselig kjem dagen! Du vaknar opp og ser rundt deg og på deg og tenkjer: HER HAR DET JO IKKJE SKJEDD EIN DRITT! Merkelige greier helia greia... Men det er jo så klart koseleg å sjå telefonen som det har kome meldingar på, facebook, kort i posten og nokon trivlige telefonsamtalar! TAKK TIL DYKK!
No er det jula som står å bankar på, julegrana er tent, har faktisk hatt snø, det er kjempekaldt om morgonane. Joda, det er jula som gjer vinteren god. Men dette året blir annleis det. Eg skal til Afrika, nærare bestemt Mali. Mali er eit land som ligg ca midt i Vest-Afrika. Varmt og godt. Trur eg. Det blir greit med EIN MÅNED nesten med ferie. Bli solbrent i jula er nok ikkje ein ynske-situasjon for alle, men dette er noko som ikkje kan unngås for min del. Har prøvd sol-blokkering og det heile. Trur kroppen min er sjeldent byggd. Tåler verken for mykje sol eller mørke. Neida, menn som meg veks ikkje på trer. Turen har eg visst om lenge no. Ca eit år. Og det har kankje du og... 7 dagar så er det bye bye (farvel, farvel) kalde Noreg. I og med at eg reiser om ei veke burde eg snart begynne å tenkje på julepresangar. Jaja, har eit par dagar på meg neste veke også. Skal se om eg ikkje får lagd ut nokon blogginnlegg når er der nede. I hega går turen til Kristiansand ein tur. Gledar meg til dette. Alltid stas med ein biltur! Men du hendelse, du blir lei også..
Kjente no at dette ikkje var tida for å skrive blogg. Håpar tida kjem over meg seinare.

0 kommentarer: