tysdag 15. januar 2008
2008 Kulturåret!
Jadå! No er kulturåret i gang! Mykje skal skje dette året. Dette er faktisk året det heile skjer. Opninga var på lordag, men eg fekk dessverre ikkje tid til å delta i opninga på grunn av S-TECH arbeid. Joda, S-TECH har ikkje døyd. I annledning kulturåret har også far min vorte å sjå på fjernsynsapparatet. Klippet kan sjåast på http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/323935 og spol fram til nøyakteg 51 minutt og 30 sekundar. Dette blir sendt over heile verda gjennom BBC! Eg følar meg æva som son (litt klatt i språket mitt der). Vis du spolar fram til ca 45 minutt får du sjå eit fasinerande stykke musikk! Personleg vil eg ikkje starte kulturåret før i februar, den femte. Då kjem fantastiske Odd Nordstoga til Bryne. Ikkje det at Bryne har noko med kulturåret å gjere, men det er kultur! Trur det skal bli ein del kultur dette året, eg som er så kulturellt, kunstnerisk og musikalsk annlagd! Men no er det seint å eg skal finne senga, for eg forsov meg til arbeid i dag! GO NATT!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar