laurdag 12. januar 2008
GEIT!
Eg har gløymt å fortelje ein viktig ting! I det siiste har eg blitt betatt av geiter. Ja, desse små staselege dyra, som klatrar på trestammar mens dei gjer frå seg sin flotte lyd. Har faktisk vurdert å starte ein geite gard. Det hadde vore staseleg! Men mor har sagt at eg ikkje kan ha dyr heime. Dyr har me på Sande seier ho. Uansett blei eg ikkje mindre begeistra då eg var i Mali å såg geiter overalt! Og ikkje minst åt ei geit og tog me skinnet heim! Men det toppa seg her om dagen då eg var innom gruppa "geitens venner" på andletsboka. Fant ein video som har tatt ifrå meg all tvil om kva slags geit eg eller helst skulle hatt! Er det nokon som veit kor eg kan skaffe ei av denne type? Geita kallast ofte for "fainting goat". Norsk: "Besvimande geit". SJÅ VIDEOEN! GOD FORNØYELSE! http://www.youtube.com/watch?v=we9_CdNPuJg Funker ikkje dette gå på youtube.com og søk på Fainting goats
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar