tysdag 8. januar 2008

Heim, skjøne heim!

Då har eg landa, heim kjære heim. Var i grunnen metta av Afrika på ei stund no. Trur nok det har me innstillinga å gjere og, er du innstilt på ein månad, så blir det ein månad. Kankje eg skulle reist ned ein gong, utan retur billett. I og me at taxien heim sikkert ikkje hadde kosta meir enn 25 NKr uansett. Hadde nok det gått seg til. Fekk faktisk høyre om ein som tok taxi til Ungarn her om dagen. Frå Noreg! Det måtte absolutt vore ei oppleving! MEN eg har absolutt opplevd mykje eg og på den tida eg har tilbragt i Mali. Har rekna på det. Enten er eg VELDIG ustødig i matte, veldig trøyt eller så har eg tilbragt 1/482 av livet mitt i Mali. Kan nokon kontrolere dette? Eg er 20 år og 1 og 1/2 månad og har vore 1 månad i Mali. Legg igjen ein kommentar! Eg kjenner og på det at me er heldige som bur her oppe. Me har nok kler, flotte hus, slepp å stampe hirse i timevis for å få oss kveldsmat, ein jobb, penger til å reise på ferie. Der nede går dei å slit. Stampar hirse, søv i eit "myrhus" eller ei stråhytte. Det som likevel forundra meg var å sjå kor glade dei var. Smilte! Mykje meir enn oss!

Har også i løpet av denne månaden forstått begrepet U-LAND. Dette var eit U-land! Det er jo buss episoden eit bevis på. Det skulle ikkje blitt gjort mykje der for effiktiviteten var på eit anna nivå. Og folka har mykje å lære sjølve og, sånn som ho dama på bussen. Men eg trur ting vil bli bedre! Ein i reisefylgje hadde samla inn penger til skulemateriell på ein barne skule i landsbyen Boni. Klassane var på ca 50 stk og kvar klasse hadde frå før ei bok på deling. 4000 Nkr var med på å gje alle klassane fleire bøker, noko som gjorde at det blei 3 elevar på kvar bok pluss masse kritt og kladdebøker. BRA! Når desse bøkene blei overrekkt var det tre menn som sto å noterte kva bøker som kom inn og anntall. Dette var for viss bare ein gjorde dette kunne han heller selgje bøkene. Mali er statistisk verdas 3. mest korrupte land for den som lurte!
Men skulen kunne det og stått bedre til med, mens opptelling og slikt pågjekk tok eg turen rundt i klasseromma og tok litt bilder og slikt. Og PLUTSELEG kva trur du ikkje skjer? Utifrå det eine klasserommet kjem det to esel ( eit esel, fleire esel??) i lett trav. Syns no dei kan prøve å halde dyra ute i skulegarden i det minste eg.

Kjenner eg er glad for å vekse opp her. Men trur nok eg må på besøk igjen.

Det einaste eg ikkje ser fram til no er å ringje kontofonen. Har ikkje sjekka den sidan eg reiste, og det sisste hotellet me sov på var passe heftig! Trur nok det var verdt det!

4 kommentarer:

jalla sa...

ska ble godt å få dg på jobb igjen.
møje plater så trengs å slipast :)


jalla

Badda sa...

Ole:
20x12=240
240+1,5=241,5

Så du har nok tilbrakt mer av livet ditt i Mali enn du tror!

Ole Sande sa...

åja! eg trudde visst eg var 40 år. var nok ganske trøyt!

Roger sa...

Konge Ole, velkommen hjem, sjol om eg ikkje e der t a ta vare pa deg. Du setter et smil pa min munn om morgenen,det er godt. akkorat i dag hadde det vart kjekt a vart hjemma, men i mara d ski, sa hb d e glemt. ha ei stralane helg!!