laurdag 19. januar 2008

Nynorsk og så vidare!

Eg har i det sisste vorte utsett for lettare erting PGA mi språkbruk på min arbeidsplass. Eg nemde tidligare i veka ordet yskje, som er eit heilt normalt ord, og har fått høyre dette i ettertida. Men alt blei så mykje betre då eg var innom Noregs Mållag på internett. Eg fann då ut at det går faktisk å verte medlem her, ein kjangs som eg ikkje kunne gå hus forbi. 30 kr det fyrrste året. BILLEG MORO! Eg fann då seinare ut at det er fleire store artistnamn i Noreg som også brukjar dette språket. Deriblant Odd Nordstoga, Kari Traa, Tore Andrè Flo og sisst, men slett ikkje minst Are Kalvø, som eg i dag kjypte lydbok av. Eg fann eit avsnitt som Are Kalvø skjølve hadde sagt:



"Are Kalvø skriv dette om saka:

«Eg kjenner ein som bytte frå nynorsk til bokmål då han begynte på vidaregåande. I dag er han einsam, ugift, arbeidslaus, alkoholisert og ute av stand til å gjere greie for seg. Luktar gjer han også. Alle eg kjenner som heldt på nynorsken då dei begynte på vidaregåande, har i dag interessante og godt betalte jobbar, menge gode vennar og ekstremt stimulerande kjærleiksliv. Dessutan ser dei veldig bra ut, alle som ein. Fine tenner har dei også. Eg berre nemner det.»"

Eg har også funne fleire bilete som eg tykkjer er særs vert å vise


Til slutt vil eg vise diktet av den Noregskjende diktaren Arne Garborg, som far var med å "igjenreise" på Øksnevad i annledning Stavanger2008.



Stavanger2008. Der er det og noko. Eg gledar meg noko voldsomt til eg skal på konsert med Odd Nordstoga, men eg fekk fyrsst høyre i dag at Odd og ein heil gjeng andre hadde vorte på Folken i Stavanger i går, skuffande at eg ikkje hadde fått med meg dette, men sånn er livet. Ellers, den same veka som eg skal på konsert, skal eg og på teater. Eg skal se "maktå på straen". I og med at dette er på ei veke, i kulturåret, blir dette ei kulturveke.

Bilmessig ser eg no at det minkar meir og meir på bilen min. Dette er trist. Veldig trist. No virkar ikkje låsen på førardøra lenger. Den er i det minste VELDIG sliten. Eg har og funne meir lydar, triste greier. Den har trass alt eit heilt år igjen til EU-godkjenning.

Kroppen min og synk i verdi. I dag var eg heime åleine, og tenkte eg skulle ha meg ein grandiosa. Før i tida var dette eit greit måltid. Men ikkje no lenger. Eg makta berre ikkje å ete opp heile. Eg var mett etter 3/4 og rapte og fekk plass til 7/8. Men då vart det brått stopp. Då lurar eg; kroppen vert større, men eg klarer ikkje ete like mykje. Kvar har logikken i dette toke vegen?

6 kommentarer:

Solheim sa...

Fysst og fremst syns eg det e bra at du skrive nynorsk og e nynorsk-forkjempar og alt sånn det. Men Ole, du trenge jo ikkje øve-nynorska nynorsken.

Ole sa...

Bare så det e sagt undernynorske eg nynorsken. Hadde eg kont det der heilt skikkeligt, hadde du ikkje takla det...

Solheim sa...

Eg tror eg hadde takla det veldigt greit egentligt.

andy pandy sa...

gi ud ei bog ole..

Fagmann sa...

Hei Ole

Dette er professor Jan Inge Nordbø frå høgskulen i Volda.
Eg tykkjer du har ein fornøyeleg blogg. Kaskje du skulle ha teke deg nokre år her på høgskulen og utvikla talentet ditt vidare. Forfattarar som brukar nynorsk på Sør-Vestlandet i 2008 er der ikkje for mange av.
Kvardagsskildringane dine burde kanskje verta til glede for fleire.

Jacks sa...

Du nærme deg målet ditt!
Venna deg av me å eda...