Ja du ser heilt rett. Eg har stappa 8 stykk IPE 270 på lengde 1,25 meter i baksete. Eg tok dette som eit teikn på at no måtte det ein utskiftning til. Ganske tragisk med denne Camryen i grunnen også. Det er eit heilt år til neste EU-kontroll, så eg følar at han ikkje er boss enda, men eg har prøvd å gje han vekk til forskjellige folk, bare for å vere grei, men det er ingen som vil ha han. Ikkje eingong min eigen bror, Fantastiske Odd(nei ikkje Odd Nordstoga)Sande. Og alterativet hans er å ikkje ha bil. Han har kankje eit poeng og. I dag når eg skulle starte han prøvde eg ei lita stund, og når eg slapp nyggelen begynte bilen ig svive baklengs ca ein halv omdreinig, som gjor at det seig opp røyk av panseret. Ikkje det beste som kan skje når ein akkuratt har stått opp og er (som vanleg rett etter du har stått opp)trøyt. Men eg har ein kamerat som skal ha bilen denne helga, så får me se kva som skjer etterpå.Men det eg eigentlig skulle seie var at eg har no invistert i ny (ny og ny, fru blom) bil. Valet kom på ein Seat Inca 1,9 Diesel 96-modell. Var nede i Flekkefjord å henta denne på tysdag. Bilen er akkuratt EU-godkjent, så dette synast eg var eit knakande godt kjøp. Tenkte eg skulle setje S-TECH klister over SEAT klisteret. (Apropos S-TECH skal eg no registrere det, bare så det er sagt.)

I dag har eg skifta glødepluggar (TAKK til SA og M for den NYDELIGE arbeidslampen eg fekk til jul) og satt i CD-spelar, og flytta ting frå Camryen og over i Incaen. Eg meget godt nøgd med plassen i bilen, der kan eg stable masse IPE 270. Og masse anna drit eg aldri kjem til å få bruk for
Inca, inca, du er toppen
Eg elskar deg med heile kroppen
Beklagar det stjålne diktet som lurte seg inn der, berre tenkte høgt. Eles lurar du nok på om bilen er sprek sidan han sikkert ikkje veg mykje og har ein 1,9 motor i seg. Det kan eg seie med ein gong at det er han ikkje. Bare så det er sagt.
Eg har og gjort andre ting denne veka, som å lese Are Kalvø si bok "Våre vener kineserane". Greit, eg skal innrøyme at eg ikkje las ho. Eg høyrde ho. Lydbok, er så mykje kjekkare. Då kan du faktisk gjere andre ting når du held på. Eg må seie eg er mektig imponert over Are. Mannen har vore i kvar kommune i dette landet som har kina-eteplass(også Randaberg) og ete på minst ein kina-eteplass i kvar kommune. Dette gjor han på ein to-månaders tur. Eg må seie eg beundrar han. Eg hadde kinamat på mandag og tysdag, og var då DRITLEI heile greia, men han hadde opp i 6 måltider med kinamat til dagen. Bare så det er sagt, må du prøve Kylling Gong Bao utan grønsaker på Tasta Take Away. Men kylling i ananas utan grønsaker treng du ikkje prøve (ikkje fekk eg ananas heller). For den som måtte lure, kjypte eg boka på Rimi for den rette pris av 299,-. Då eg kom på jobb var det ein så spurde meg kvifor eg ikkje berre lasta ned boka. Eg blei sur. Kan jo ikkje gjere sånn. Då hadde me jo ikkje hatt lydbøker lenger.
3 kommentarer:
Eg syns deffentli at me ska ta oss et seg i den nye bilen. Eg e med jaffal!
Forresten så syns eg du har vært veldigt flinkte te å legga ud bilder nå i det sista.
Gratulere med ny bil...
Legg inn en kommentar