Ja, dykk såg heilt rett! Eg må berre legge meg ned å beklage dette. Det har blitt så altfor lenge sia nå. Men eg vil seie eg har ei god forklaring på det heile! S-TECH har ikkje vore på latsia i det sisste! Sperra (sperr er sånne som helt taket på til dømes løer oppe) som eg og nokon innleide lagte då eg kom heim frå Mali er nå oppe og montert. Litt sveising gjenstår, Men med dette drittvêret som har vore i det sisste er det ikkje berre berre å sveise. Fekk prøvd meg litt på undervass-sveising. Og om eg skal seie det sjølve var dette inga suksess. Men det blei ein sveis. Eg trur det kjem bilder litt seinare av dette flottet kunstverket, men ikkje i dag! Som eg har fortalt har eg kjypt ny bil, oog eg må seie eg er veldig fornøgd! Eg har enno ikkje opplevd at eg ikkje får plass til noko ting! Ein annan grunn til at eg ikkje har blogga er at eg har begynt å lese ei bok, ja, du las heilt rett, eg, Ole Sande, les ei bok, heilt frivillig. Dette må vere fyrste gongen sidan, nei dette er fyrtste gongen eg les ei bok heilt frivillig. Eller forresten las eg ei, "Kurt Qui Vadis" av Erlend Loe, om trucksjåføraren Kurt, men den var veldig tynn. Denne eg les no heiter "Nød" av Are Kalvø. Eg må seie dette er ei til no ganske spanande bok til no. Og eg er halvvegs på ei bok på over 300 sider. Ja 300, det var det du las. Vor meg som nettopp har vore i Mali, som ligg i Afrika skildrar Are korleis det var i Etiopia. På ein morosam, men alvolig måte. Og eg må seie eg kjenner meg igjen. Eg må seie eg lengtar tilbake i desse tider med undervass-sveising. Men eg skal nok overleve dette også. Elles er det inga framgang i Trøndelags-prosjektet. Skulle eigentleg opp forrige helg, men det blei ikkje, også var planen denne helga, mne det blei ikkje, Og neste helg skal eg ha fjoshelg. Så det blir ikkje den helga heller, men du som eg gler meg til fjoshelg! I går var eg vitne til kalveføing. Ikkje at dette var fyrste gong, snarare tvert imot, men det er like kjekt kvar gong! Du ser holet opnar seg, to bein kjem ut etter litt. Du ventar ei stund til, og litt til så kjem hovudet. Så er det berre å dra heile greia ut, og der ligg han. Full av slim og kliss. Så er det ikkje lengje før det reisar seg, og nærast går sin veg. Ei fantastisk oppleving!
Og det eg skreiv om kven denne Jan Inge Sørbø var, eg tok feil, men eg trur eg no har funne ut av kven du er.
laurdag 23. februar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Ka skjedde videre med Are og vennen egentligt?Kjekt med oppdatering du gitt!
ja ka sjedde?
Du hadde me dg innledde folk ja... greit d, regningen komme snart;)
savne oppdatering.
Legg inn en kommentar