torsdag 27. mars 2008

S-TECH!

Det kom eit brev til meg her ein dag. Det var frå Brønnøysundregistra. Så no er S-TECH registrert. Det vil seie Sande Technology er registrert. No lurar eg bare på kva eg tenkte då dette namnet blei registrert. Kva med Sande Smia, eller Sande det-du-vil-ha-når-du-minst ventar-det, eller Sande Alt-mogleg. Kvar kjem Technologien inn i bildet her? Men på ei annan side ser eg ikkje problemet heller. Tenk om eg plutseleg ein dag skulle komme med ei teknologisk nyvinning, då har eg iallefall namnet klart. Eg var å kjypte rekningsblokk her om dagen også. Tok vare på kviteringa, som du må gjere då du driv eiga bedrift. Satte ho inn i permen, med skilleark, vel å merke. Følar at eg no har starta eit nytt å betre liv. Alt går inn i permen. Har faktisk opna eigen S-TECH konto og.
Elles, inga nytt frå smia. men håpar og trur det kjem snart. Har funne meg alternative smier, just in case(for å vere litt internasjonale).
Dette veret kan eg likevel ikkje forstå meg på. Har vel aldri snødd så mykje på Randaberg, så eg kan hugse. Jaja, eg kan vel hugse viss eg prøvar, men det gjer eg ikkje. Er i grunnen glad eg ikkje har skifta til vinterdekk allereie, noko som er vanleg på denne tida av året trudde eg.

tysdag 25. mars 2008

Morosamt!

Det forrige innlegget var ikkje frå meg.


Kjære deg som hadde det morosamt på mi bekostning! Dette var ikkje morosamt i det heile! Eg følar meg krenka. Men det du skreiv var bra etter mi meining. Dette seier eg ikkje for skryte, berre så det er sagt. Men det eg vil meddele dykk er at eg no har kome i kontakt med ei smie på aust-landet, nærare bestemt Toten, nærare bestemt Dokka. Her er kva eg skreiv:


Hei! Eg er ein 20 år gamal gut frå Randaberg utanfor Stavanger kommune. Eg er fødd og oppvekse på gard. I den seinare tida har eg toke fagbrev i platearbeidarfaget. Men eg er interesert i å lære meir om den gamaldagse smia! Lurte derfor på om det var mogleheiter for å få ei "utplasseringsveke" hjå dykk i seinsumaren. Sett pris på raskt svar.
Helsing Ole Sande, Randaberg

Svaret eg til no har fått er at eg må vente litt. Dette er tydelegvis ei familiebedrift, og mannen var ikkje heime då e-posten inntraff Toten. Eg skulle få svar om eit par dagar. Eg gler meg. Viss dette går i boks, og sagbruksferien i Telemark går i boks, gler eg meg stort til sumaren!
Takk for meg

søndag 23. mars 2008

Ja, eg veit.

Ja eg veit at det blir for dumt! Men eg klarar ikkje halde fingrane utanfor bloggen! Eg har ein ting eg må meddela dykk! Og dette er noko storvegs, så hald dykk fast! Eg har no skrapt saman det eg eig av penger, og er no klar for å flytta ut. Og eg skal ikkje kvar som helst, eg skal til Ål i Hallingdal, nærmare bestemt Votndalen. Eg har no tenkt å oppfylla min draum om jobb på sagbruk, og då sjangsen baud seg kunne ikkje gjere anna enn å seie ja! Eg kan fortelje dykk at det var eit rungande ja og! Men no er eg litt på farten, eg skal i fjosen med ein kamerat, så dykk får høyre meir om saken seinare. Eg måtte berre meddele desse gledelege nyheitene!

tysdag 11. mars 2008

JAJA!!

Eg må berre beklage dette! Eg kjenner det på kroppen at det å blogge er ikkje det same lenger! Kan ikkje seie eg kjenner den same trengselen lenger. Trur nok det har noko med dette nederlaget ifrå Høgskulen i Volda. Trur nesten eg må gå til boikott. Jaja, ikkje så mykje å boikotte i og med at dei allereie sit med det lengste strået som har sagt nei til meg, det er vel helst dei som boikott meg. Over til gode nyheiter så er registreringa av S-TECH nådd nye høgdar. I dag var eg hjå Reknaskapsførar. Fekk der greie på at eg ikkje trengte han. Så då var den saken biff. Har no printa ut søknad og lagt den inn i konvolutt, med dataskriven adresse. Berre for å få det til å sjå proffesjonelt ut. Vil seie eg har nådd nye høgdar med S-TECH i det sisste. Var på Sea-Well forrige veke, så S-TECH har rett å slett gått inn i oljebransjen (Dette er berre skryt for eigentlig sveiste eg nokon conteinera). Sånn elles har eg gått ett langt steg med Camryen. Den kjem nok snart til ei spiker-yskje nær deg for å seie det på den måten. Han fekk litt hard medfart før han reiste også, ikkje for det eg kjøyrde han i hjel, snarare tvert imot. Bror min, som fortsatt ikkje heiter Nordstoga til etternamn, måtte flytte han når farmor skulle ha forening. To knuste ruter, øydelagt takluke og glasskår i heile bilen. Korleis er det mogleg med berre litt flytting. Uff og uff. Så eg slepte han ut til Knoksen dagen eter på. Bø-mek fiksa transport. Eg har lese ut boka om Lottomillionærane i Afrika, noko som var særs givande og vil råde dykk alle til å lese denne boka. ”NØD” av Are Kalvø. Har også lese ”Hevnerens Håndbok”. Vil ikkje råde nokon av dykk til å lese denne i og med at tiitelen seier nok sitt og ikkje minst at den er på dansk(bokmål). Skal ikkje prøve å skryte på meg at eg er nokon nynorsk-meister, men eg prøver no litt i alle fall. Den boka eg har begynt på no er ”Dagfinn Enerly – Så fort han livet snu”. Fotball bok på dansk. Ikkje det beste for meg kankje, men eg trur det kan bli bra.
Eg går også nye veger med den Mali-inspirerte te-kokaren. Var på IKEA her om dagen
å kjøpte kaffi-kjele. Så dette har eg no prøvd, ser med glede fram til påske då eg skal koke egg i kjelen med løk-skal eller lyng. Og deretter koke kaffi. Må nok få meg ei sil også. Det er ikkje så voldsomt luksus med heile kjefteriet fullt av kaffi-krut når du er ferdig med to koppar kaffi. Får håpe på godt ver i påska. Følar eg har venta ei stund på godt ver. Begynn å bli lei av å koke te å kaffi inne i vinterhagar og låvar.
Det var det eg hadde å seie. Kan godt vere at bloggen no blir nedlagt for godt, eig ikkje den same gløden lenger til skrivinga, som sagt. Men, kven veit kankje ein dag står det ”S-TECH – vegen til suksess” i ei bokhyle i ein butikk nær deg. Og då veit du kva du skal gjere.
Eg vil med dette takke for meg og takke for alle kommentarer og timar dykk har brukt på bloggen min. Takk for meg.