måndag 14. april 2008

Smia

Eg har enda ikkje høyrt noko frå smia. Dette ser eg på som negativt. Eg kunne ha purra i dei, men eg vil ikkje mase. Trur eg skal finne meg ei ny smie, har lese noko om ei "Frank`s smie". Det må vere bra. Elles har eg funne ut at ein nabo har ei smie ståande. Ho var forferdelig rusta, og han brukar henne som grill. Snakk om å drite i den norske kulturarva! Eg har sett dei skal selge deler av ei smie på finn.no. 9000 er mykje pengar, og då er ikkje smia komplett heller. For å seie det sånn så må dykk berre seie ifrå viss dykk kjem over ei komplett smie, som vedkomande vil gje vekk til ein ung gut med store ambisjonar! Elles går S-TECH som det susar. Berre så det er sagt. Det er vel i grunnen kankje derfor eg ikkje skriv så mykje på bloggen lengre. Før skreiv eg alt slags tull om S-TECH, og nå har det pluteleg blitt litt seriøst. Det er bra på ein stor måte, og på ein mindre måte ikkje så bra for eg kan jo ikkje leggje ut om mine store forettnings-idèar her på nettet. Og det er ikkje få.
Sånn på leseorm sida har eg gitt meg ut på ei ny Are Kalvø bok, "Syden". Men eg må innrøyme at eg synast både "Våre vener kineserane og "Nød" var betre. Ja, det er to bøker eg verkelig vil råde dykk til å investere i.

Eg kan på vegen ut fortelje kva tankane mine går ut på for tida. S-TECH, S-TECH, S-TECH, Geiter, S-TECH, S-TECH, geiter, damer, S-TECH, S-TECH, geiter, S-TECH.

Inga bra tanke å tenkje på at det er det eg tenkjer på.

God natt