Det er lenge sidan eg har blogga no, og eg er fullt klar over det sjølve. Det heile handlar kun om prioritering. No som det er jul, vil eg gje dykk ei oppdatering. Eg er kankje ikkje nissen, men dykk kan sjå på det som ei gåve.
I annledning jula har eg flytta ut heime. Det er for å gjere plass til dei som er eldre enn meg. Det vare rett å slett ikkje plass i herberget. Eg skal flytte heim igjen 1 januar 2009. Ja, det stemmer. Eg skal vere her heilt til neste år. Eg bur no i ein kjellar til ein kamerat. Eg feirte jul heime i stova til mor og far, fekk mykje fint. For å nemne noko fekk eg ein kaffitraktar, kaffi, kaffifilter, skjorte, jumper, kupèvarmar, "Hvordan flørte" og "baking". Det var berre for å nemne noko. Fekk også litt pengar og for dei skal eg kjøpe ei vekkerklokke. Ei slik som lysar opp morgonen. Ein lampe med klokke, vekkerklokke, kankje til og med radio. Den kostar 500 på siba, for den som måtte lure. Eg tykkjer det er hardt å stå opp når det ikkje er lyst ute, men håpar denne vil funke. Forresten fekk eg også eit årsabonnement på Bedre gardsdrift. Meldte meg inn i Norsk sau og geit tidligare. Det var så tett som du kan komme til fiasko. I første blad eg fekk var det 3 bilder av geiter. 2 reklame greier og ei nyhende om at det også var oppdaga fotråte hjå geit. Derimot var det sikkert ca 67 bilder av sauer. Fekk også ein kalender med bilder av KUN SAU! Det er faktisk så forferdeleg at eg vurderer sterkt å sende inn eit klagebrev til foreninga. I dag meldte eg meg inn i Senterungdommen (Senterpartiets ungdomm). Eg trur det kan bli spanande. Kankje, viss eg får skkikelig anda over meg reiser eg på senterungdom tur. Rope kamprop for senterpartiet, synge senterparti sangar. Får eg det SKIKKELIG føre meg startar eg Senterungdommen Randaberg. Då kan me jo gå i tog å gjere alle desse sprø tinga. Det kan fort skje at eg har ei verkeleg spanande framtid i møte.
Eg kan og fortelje at eg var på kvitsøy å selde poteter her om dagen. Etter ein dag i Haugesund hamna eg på Kvitsøy omsider. Fekk seld ein del også. Nok om det. Eg driv og å bygg om i geitefjøset. Eg fekk meg ei geit til for ei stund sidan. (jule-)Bukken Peder. Så no er det Peder, Siri, og Gunnhild. Siri er tammast, Peder er ikkje god i hovudet i det heile tatt, og Gunnhild er liten, men veks fortare enn svint. For å dele litt geitetankar; bygg eg no om til at dei skal gå på ein slags bås i ete høy og silofor. Til no et dei rett fra ein fôrhekk som heng på veggen. Dei drar i høyet og legg det på bakken. Så vil dei ikkje ete det. Tulle-bukk og -geiter. Eg syns dette var nok oppdatering for no. Dykk får se om det kankje kjem eit innlegg før sumaren. Viss ikkje kejm det sikkert eit etter at eg har vore på Senterungdommens landsmøte eller Norsk målungdom sitt eller noko anna heilt sjukt som bilferie til Polen eller Geitegards ferie i Ål. '
Takk for meg, God Jul og eit godt nytt år.
torsdag 25. desember 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)